Nabobygget treng tilkomst via Kystverket sin eigedom og er for nær nabogrensa

Stoppar kontorbygg

Mellom Kystverket og Gulliksen Marine på Kollvika, vil Strømsheim bygg og Norwegian Seafood Company reise eit næringsbygg. Men Kystverket set på bremsen.

SEIER NEI TIL KONTORBYGG: Mellom Kystverket og Gulliksen Marine nede til høgre i biletet, ønskjer Strømsheim Bygg og Norwegian Seafood Company å reise eit treetasjars kontorbygg. Det seier Kystverket nei til.   Foto: Staale Wattø

Ålesund

Eit nytt bygg slik det er teikna no, må nemleg ha tilkomst gjennom eigedomen til Kystverket, det vil vere tre etasjar høgt og ein vil fylle igjen ein del på tomta. Det synest ikkje Kystverket noko særleg om.