Tatt med 2,5 i promille

Blir utan førarkort omtrent til 2022.
Ålesund

Ein mann i 20-åra er dømd for å ha køyrt med ei promille på 2,54 promille, melder NRK Møre og Romsdal.

Mannen blei stansa tidlegare i sommar på Flisneset i Ålesund, der forbipasserande hadde reagert på framferda til sjåføren. Han er frådømt førarkortet i to år og seks månader, og er også dømt til fengsel i 30 dagar.