– Leikeplassen i byparken er snart ferdig, men hald avstand

Om to veker opnar leikeplassen i Byparken i Ålesund.
Ålesund

Denne veka er det støypt steinbelegg på leikeplassen i byparken i Ålesund. I helga skal dekket herde. Linda Fiskerstrand Sperre, landskapsingeniør i kommunen, kjem med ei sterk oppfordring i ei pressemelding fredag ettermiddag: Ikkje gå inn på anleggsområdet no.