Sperra sjåførar inne og ringte politiet

– Eg er berre så forbanna og oppgitt, seier leiaren av Ellingsøy IL.

Bilar har køyrt rally på Nes stadion på Ellingsøya.  Foto: Ellingsøy IL

Ålesund

14 fotballag er inntil vidare utan treningsanlegg, etter at to bilar har køyrt rally på Nes stadion på Ellingsøya. Det fortel Jon Eikrem, leiar av Ellingsøy IL, til Sunnmørsposten.