– Vi har bilar som passar absolutt alle

Bertel O. Steen (BOS) flytta frå Furene til Mosflata i Ørsta for snart tre år sidan.

Annonsørinnhold produsert av SMP Brand Studio

Det blei ei stor oppgradering for oss, med flotte nye lokaler og mykje større plass, fortel salssjef Per Olav Myklebust.

Bilforhandlaren i Ørsta er ein del av tre BOS forhandlarar i Møre og Romsdal som til saman omsettar for over éin milliard kroner i året med 2500 selde bilar i 2022. I Noreg er det over 40 forhandlarar og dei er importør av sju bilmerker.

Salssjef Per Olav Myklebust er godt fornøgd med dei nye lokala. Foto: SMP Brand Studio.

Fire bilmerker

– Hos oss har kundane stor valfriheit. Vi har ein bil som kan passe alle. Vi har store familiebilar med sju seter, mellomstore biler, SUVar og små bybilar. Dei er anten elektriske, hybrid eller med drivstoff, seier Myklebust.

BOS i Ørsta er forhandlar av fire sterke bilmerker i alle kategoriar. Dei leverer personbilar og varebilar frå Peugeot og Citroen, personbilar frå Kia, og frå Mercedes leverer dei varebil.

BOS Ørsta har ei hyggeleg salsavdeling. Fv. Per Olav Myklebust og Øyvind Berkvik. Foto: SMP Brand Studio.

Fleste utan moms

Dei aller fleste har sikkert fått med seg dei nye moms- og avgiftssatsane for elbilar. I praksis vil momsfritaket som elbilar har hatt i mange år, gradvis reduserast frå og med 1. januar 2023.

Kort forklart:

  • Frå 1. januar fekk elbilar moms om bilen kosta over 500 000 kroner. Du betalar moms på delen av kjøpsprisen som overstig 500 000.

  • Elbilar som kostar mindre enn 500 000 vil framleis ha fritak frå moms.

  • Det blir også vektavgift på elbilar som vil utgjer rundt 20 - 30 000 kroner.

– Med unntak av eit par modellar, hamnar dei fleste av våre elbilar under momsnivået på 500 000. Vi har folkelege bilar til folkelege prisar, fortel salssjefen.

Salsavdelinga og plassjef Ivar Arne Lid er klare for eit kundemøte. Fv. Roy Werkland, Per Olav Myklebust, Ivar Arne Lid og Øyvind Berkvik. Foto: SMP Brand Studio.

Flest vil ha EL

Etter flyttinga har forhandlaren etablert seg som ein av dei største i Ørsta og Volda. I tillegg kjem kundane heilt frå Herøy, Ulsteinvik, Vanylven, til og med Hornindal. Felles for alle er at dei fleste vil ha elbil. Heile åtte av ti nybilkjøp hos BOS Ørsta er heilelektriske bilmodellar.

Forhandlaren ligg i flotte omgjevnadar og eit steinkast unna Ørsta sentrum. Foto: SMP Brand Studio.

Komplett bilhus

– Vi er det som kan kallast eit komplett bilhus. Det vil sei at vi har alle kategoriar av personbil, vi har varebilar i alle storleikar, og vi har sal og service av lastebil og buss. Vi har også bruktbilavdeling, dekkhotell og ikkje minst har vi godkjend verkstad for alle bilmerke i tillegg til lastebilverkstad. Det er det ikkje mange som kan skryte av, fortel Myklebust.

Gjengen hos BOS Ørsta gleder seg til å ta deg imot. Foto: SMP Brand Studio.

Bedre tider

Salssjefen innrømmer at dei siste to til tre åra har vore utfordrande. Men stort sett heile bilbransjen har hatt utfordringar med levering av bilar, anten på grunn av mangel på delar eller forsinka leveransar som følge av krig eller covid.

– Mange av våre kundar opplevde nok noko lengre leveringstid i løpet av fjoråret og året før, men alle fekk heldigvis bilen dei bestilte og ønskte seg. No har vi igjen normale leveringstider, og vi ser ingen store utfordringar på leveransar av dei bilmodellane vi har.

– Planlegg du bilkjøp i løpet av 2023, ta turen innom Bertel O. Steen i Ørsta for ein hyggeleg bilprat over ein kopp kaffi, avsluttar Myklebust. 

Her finn du oss:

Mosflatevegen 8, 6154 Ørsta Foto: SMP Brand Studio.