Samarbeid skal hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa

Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger kommune vil samle seg i eit felles beredskapsteam for næringslivet i Nordfjord.

Annonsørinnhold produsert av SMP Brand Studio

Målet er at eit regionalt beredskapsteam skal vere på plass i løpet av få dagar, i samarbeid mellom kommunane i Nordfjord, Visit Nordfjord og NAV. Sistnemnde spelar ei viktig rolle i arbeidet, med si oversikt over korleis krisa råkar dei ulike delane av næringslivet.

Finn all den nødvendige informasjonen: INFORMASJON OG RÅD OM KORONAVIRUSET FRÅ NORDFJORDRÅDET.

– Nordfjord står i ein svært uvanleg og krevjande situasjon som følgje av koronaviruset. Permitteringar, usikre tider og nye utfordringar gjer at ordførarane i Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger går saman og etablerar eit felles beredskapsteam for regionen.  Koronakrisa råkar oss alle og vi står overfor mange felles utfordringar i månadane framover. Dette er difor tida for felles innsats, seier Stad-ordførar og leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo (V).

Stad-ordførar og leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo (V)

Kraftig vekst i permitteringar

Måndag vart det klart at Nærings- og fiskeridepartementet går sammen med Innovasjon Norge for å støtte små og mellomstore bedrifter under koronakrisa.

– Behov for tilgang på kapital og likviditet er kritisk. Difor er det viktig at Innovasjon Norge fortløpande vurderer korleis dei best kan tilpasse sine verkemidlar til det som no skjer rundt i landet, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Skal vi kunne hjelpe næringslivet, må vi samarbeide regionalt. Næringslivet her i regionen er i stor grad sett saman av små- og mellomstore verksemder. Våre kontaktpersonar kan vise veg inn i systemet til offentlege etatar og finansinstitusjonar.

Dei ulike kommunane har ulikt næringsliv med ulike utfordringar. Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) i Stryn har opplevd at kommunen har gått frå om lag 60 til 400-500 permitteringar nærmast frå eine dagen til den andre. Mange av desse kjem frå reiselivsnæringa.

Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) i Stryn.

Skaper uvisse

– Det gjev store direkte ringverknader til andre næringar. Det skaper uvisse, folk har mindre pengar å bruke og det går igjen utover handelen. Og det gjev i siste instans lågare skatteinntekter og råkar dermed kommuneøkonomien, sier Kjøllesdal. Stryn er også ein stor landbrukskommune og har mange arbeidsplassar innan vidareforedling av mat.

– For nokre næringar er problemet tilgang til arbeidskraft som følgje av stenging av grenser. Ei løysing kan vere å flytte ledig arbeidskraft til nye område, men dette er prosessar som tek tid.

– Vi ser at næringslivet står på, tilbyr heimkøyring av varer og andre kreative løysingar for å handtere krisa på best mogleg vis. Beredskapsteamet sin jobb blir å hjelpe næringslivet gjennom denne krevjande tida, seier Kjøllesdal.

Det er Stryn Næringshage ved dagleg leiar Knut Henning Hjellbakk som er førstelinetenesta næringslivet kontaktar i Stryn kommune.

Jobbar politisk

I Gloppen har næringssjef i kommunen Knut Roger Nesdal funksjonen som førstelineteneste. Dagleg leiar Roger Aa Djupvik i Gloppen Næringsorganisasjon, eit samarbeid mellom dei næringsdrivande i Gloppen, er ein annan kontaktperson.

– Dei jobbar i tospann, men frå kommunen si side er det næringssjefen som er førstelineteneste. Eg kan også kontaktast om det er signal som treng takast vidare i det politiske miljøet. Vi jobbar aktivt inn mot sentrale myndigheiter for å signalisere kvar dei må setje inn tiltak. Det politiske miljøet sentralt står samla for å løyse problema, politisk ståstad er ikkje det viktige. Vi har også tett dialog med fylkesmannen i Vestland som er bindeleddet mellom kommune og stat. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var ein viktig utviklingsaktør, eg håpar denne krisen vi står i kan gjere at også fylkesmannen i Vestland viser seg å bli det, seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad (Sp).

Ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad (Sp)

– Det er verksemder med små marginar, mellom anna innan handel, som har det tøffast hjå oss. Dei har kanskje mista 90 prosent av omsetnaden sin frå eine dagen til den andre. Nokon har måtte stenge heilt ned. Dei større verksemdene har gjerne utfordringar med å få inn utanlandsk arbeidskraft.

– Eg trur kunnskap og samarbeid er nøkkelen til at flest mogleg bedrifter kan opne dørene og ta tilbake dei permitterte når situasjonen normaliserar seg.

Oppmodar til lokal handel

Ordførar Bjørlo i Stad kommune seier handel og fiskeri er viktige næringar i denne kommunen som no opplever kraftig oppbremsing. Her er det dagleg leiar Olav Hjelle i Stad Vekst som er førstelineteneste og kontaktperson om verksemder treng hjelp og rettleiing.

– Krisen får mange uføreseielege ringverknader. Vi ser at bygg- og anleggsbransjen stoppar opp som følgje av problem i leverandørindustrien. Og private hushald stenger att kranen. Det vil seie at det får store samfunnsmessige ringverknader for vårt lokalsamfunn. Mange handelsverksemder er kreative og tilbyr nye typar løysingar, som til dømes utkøyring. Eg vil oppmoda alle til å nytte lokale verksemder no, seier Bjørlo.Nordfjordrådet handsama saka om beredskapsteam måndag ettermiddag. Arbeidet vil starte opp umiddelbart, med ei kartlegging av konsekvensane krisa har for næringslivet i regionen.

Aksello i Kinn

I Kinn kommune er det næringsapparatet Aksello som er førstelineteneste og kontaktinstans for næringslivet.

Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap)

– Hjå oss er inntrykket at handelsverksemdene er dei hardast råka. Signala er at fiskeri- og oljenæringa førebels går forholdsvis normalt. Det er viktig at vi ikkje sluttar å handle. Vi må bruker handelsverksemdene no om dei også skal vere der når dette er over, seier Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap).

Også Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) har tru på effekten av å stå samla.

- Vi kjem til å ha ei felles, tydeleg stemme frå Nordfjord i kontakt med politisk leiing, styresmakter og virkemiddelapparatet. Samla skal vi kome oss gjennom dette. I Bremanger samarbeider Bremanger kommune med Bremanger Næringsråd v/ Marcel Meijer om å bistå næringslivet i kommunen.

Finn all den nødvendige informasjonen: INFORMASJON OG RÅD OM KORONAVIRUSET FRÅ NORDFJORDRÅDET.

Viktige telefonnummer

Akutt helsehjelp - ring fastlegen dinOm du ikkje får svar: Ring legevakta på 116117

Helsedirektoratet infotelefon 815 55 015Koronasjekk deg her!

Ved fare for liv og helse, ring 113