For å komma til Kaldavatnet i Bønardalen der hytta ligg, må ein først køyra ein svingete veg opp ein bratt skråning. Dei siste ti minuttane går på scooter. Bygget ligg på ein knaus der landskapet opnar seg mot høgfjellet.

Hytta er kledd med impregnert kledning som skal få gråna av vêr og vind, og vil med tid og stunder sjå ut som ei steinblokk på høgkant der ho ligg med utsikt mot Årdal og bylandet på den eine sida, og Kaldavatnet og den 815 meter høge Brendeknuten på den andre.

May Sissel er alt på hytta då me kjem saman med ektemannen hennar Sveinar. Ho er smittevernoverlege i Randaberg halvparten av tida, den andre halvparten skriv ho doktorgrad om sikre fødslar i Tanzania.

Det er som å komma inn ein kokong av tre og vindauge. Mange vindauge må til for å få mest mogleg natur inn. Tv skal ikkje inn hit. Dei treng difor korkje tv eller pynteting å sjå på. Dei skal jo for det meste berre sjå ut vindauga når dei er inne på hytta, forklarer dei. May Sissel må likevel stundom vende blikket ned mot pc-en, men å kvile blikket i ein mektig natur, gir ny energi til det som må gjerast.

Ved å ha hytte 20 minutt frå garden, reknar May Sissel og Sveinar med å få brukt henne mykje. Dei fleste møblane er kjøpte nye. Foto: Fredrik Refvem
Det er fire meter under taket i stova. Kjøkkenbordet er frå Ikea. Stolane er kjøpte på Finn. Lampen er frå ein butikk på Jørpeland. Foto: Fredrik Refvem
Tv blir overflødig i ei slik stove. Brendeknuten og Kaldavatnet gir kvile for blikket. Foto: Fredrik Refvem

Skrive, forske og slappe av

Doktorgraden hennar skal vera ferdig om tre år. Ho skriv om bruken av nyfødt-dokker brukt til gjenoppliving av spedbarn på eit sjukehus i Tanzania. Det er Lærdal som har laga dokkene ho forskar på gjennom prosjektet Safer Births. Pandemien har sett ein førebels stopp for reiser til Tanzania, men datainnsamlinga til første studie var heldigvis ferdig i februar i fjor.

I framtida er det også planen å skriva fleire bøker på stølshytta. Til nå har May Sissel gitt ut to, men har ei tredje klar i hovudet og på diverse lappar og mobilnotat rundt forbi. Det gjeld berre å finna ro og tid til å få ut manuset, påpeiker forfattaren.

May Sissel har skrive desse to bøkene. Med den nye hytta som skrivestove, håpar ho å kunne få skrive si tredje om ikkje altfor lenge. Foto: Fredrik Refvem
Paret ønsker ikkje mykje nips og pynt på hytta, men korken frå sjampanjeflaska dei spretta då hytta stod ferdig like før jula 2020, ligg som eit godt minne i den eine glaskarmen. Foto: Fredrik Refvem

Denne boka heng saman med dei to første. Debutboka hennar heiter Det som sies høyt kom i 2018 og handlar om ein introvert mann som sit åleine i eit stort hus, og lurer på om han skal sleppa nye folk inn i livet sitt. Oppfølgjaren Hjertets bakvegg kom i fjor sommar og er ein frittståande oppfølgjar til bok nummer ein.

– Bøkene mine er lågmælte og menneskemøte er viktige. Der skin kanskje noko av legebakgrunnen min gjennom.

Å trekka seg vekk eit døgn eller to per veke for å kunna jobba i heia, håpar ho skal kunna bli ein vane framover, men enno har familien på fire knapt budd seg inn i den vesle hytta som stod ferdig til jul.

Hytta er bardunert

Det betyr og at dei ikkje har lært naturen heilt kjenna. Dei veit enno ikkje nøyaktig kva tid sola står opp og går ned til dei ulike årstidene, heller ikkje kor vêrhardt det er på tomta. For å vera på den sikre sida har Sveinar bardunert hytta, slik at ho ikkje skal blåse bort i ein storm. Austavinden tek godt i Årdal, men det er jo ikkje sikkert han er så mykje verre her oppe i høgda, trøystar 42-åringen seg med.

Stølshytta vil få liggja i einsemd. Det er berre denne tomta i dette området, 550 meter over havet. Bak hytta kan ein skimta Årdalsfjorden. Foto: Fredrik Refvem
May Sissel og Sveinar treng ikkje kunst på veggane. Alle vindauga i hytta rammer inn den mektige naturen som dei på alle kantar. Foto: Fredrik Refvem

May Sissel er vaksen opp med hytteliv i Hamrabø i Suldal. Her hadde me familien ei lita hytte utan straum og vatn.

– Denne kjensla av hytteliv hadde eg lyst til å ta med meg, men i ei ny tid, så dette kan vel kallast ein moderne støl, seier May Sissel som har førebudd formiddagsmat til oss.

Vatnet blir henta i ein bekk like ved. To gamle mjølkespann tener som vasslager. Straumen på hytta kjem frå eit bilbatteri som går på solceller. Solcellene forsyner ei bil batteripakke med 12 volt som blir gjort om til 230 volt.

Hytta har i tillegg ein vedomn og ein gassdriven omn, og dessutan ein komfyr som går på propan. For at hytta ikkje skal bli så rå vil Sveinar montera inn nokre ventilar rundt om kring, slik at lufta blir bytta ut. I tillegg har han investert i ein solventilator som regelmessig bles inn soloppvarma tørr luft, døgnet rundt. Dette gjer at hytta ikkje blir så rå når ho står tom.

Både Sveinar og May Sissel likar å halda seg i aktivitet. Foto: Fredrik Refvem

Liten og gjennomtenkt

Den moderne stølshytta blei teikna av Sveinar, May Sissel og far hennar, i kompaniskap. Resultat blei ei heilt unik og personleg hytte, på 40 kvadratmeter. Sidan hytta er liten, var det viktig å gjere henne smart og funksjonell. Korleis hytta skulle sjå ut, har ifølge Sveinar vore enkelt.

– Kona har bestemt, og eg har vore einig, ler han.

Teikningane av hytta blei sende til ein arkitekt for kvalitetssikring og arkitekten la til nokre smale vindauge oppe på hemsen, noko som gjorde hytta endå betre, opplyser May Sissel. Hytta kosta 950.000 kroner. Eigeninnsats kjem i tillegg.

Å bygga hytte i pandemiåret 2020 blei til tider veldig travelt, spesielt for legen i familien, men dei kom i mål og kunne gå jula i møte med ferdig fritidsbustad.

I førsteetasje ligg allrommet, og dessutan foreldresoverommet. På hemsen er det laga til soverom for gutane og ein liten krok som tener som hyttekontor for May Sissel. Plata er skrivebord kan slåst opp slik at området kan nyttast til to ekstra soveplassar.

Hytta har også bod og toalett med snurredass. Familien kjenner ikkje på nokon stor reiseabstinens. Dei siste åra har dei feriert mykje i Norden, men dei kjenner jo på at det å ha eiga hytte, er ekstra gildt i ei tid det er færre andre reisemål.

Ein viktig del av planlegginga var å få plassert hytta på den best moglege staden på tomta. Ikkje minst var det heilt vesentleg å ha mobildekning, for som lege på hyttekontor, er det viktig å vera tilgjengeleg. Også doktorgradsskrivinga krev nettilgong.

På hyttekontoret på hemsen er du omringa av tre. Foto: Fredrik Refvem
Som det meste anna på hytta, er arbeidsstaden enkel og funksjonell. Plata kan løftast opp og gi plass til ei ekstra seng. Foto: Fredrik Refvem
Dei to gutane i familien søv i denne dobbelsenga på hemsen. Foto: Fredrik Refvem

Mellom måne og sol

– I går kveld fekk eg solnedgang i vest og måneoppgang i aust, då var det ikkje lett å vita kva veg eg skulle snu hovudet, seier May Sissel og ler.

Sveinar som er fulltidsbonde har vore med på det meste av arbeidet med å reise hytta. Som kona er han også svært glad for å ha ein stad å dra til når dei treng eit avbrekk frå den vanlege tralten.

Familien har vore utan eiga hytte i ti år no, og såg at dersom barna skulle ha glede av hyttelivet, måtte fritidsbustaden byggast før dei blei for gamle. Sveinar og May Sissel overtok hytta i Hamrabø, men den selde dei. Ei årsak var at det blei lang reiseveg frå Bergen kor dei budde ein periode. Begge er frå Hjelmeland, men dei møttest faktisk ikkje før dei blei studentar.

May Sissel hadde ikkje planar om å vende tilbake til Hjelmeland, men Sveinar greidde overtyde henne om å vende nasen heimover, kor heimegarden hans venta. Dei overtok garden for ti år sidan. Det var då ikkje drift på garden, men Sveinar er no blitt fulltidsbonde med både mjølkekyr, sauer og kyllingar.

Tida utan hytte blei brukt til å dra på turar med campingvogna og seglbåten. Føremona med å ha hytte i si eiga hei, er at Sveinar raskt kan rykka ned til garden om alarmen på telefonen gir beskjed om at kyllingane må ha tilsyn, eller for å dra ned og mjølka. Men vanlegvis er det enkelt å få tak i avløysar, difor har også bonden fått sove over nokre netter på den nye hytta.

Meir ute inne, kan det vel knapt bli. Sveinar og May Sissel kan endeleg seinka kroppane i godstolane, etter å bygd hytte i koronaåret. Foto: Fredrik Refvem
Foreldra si seng fluktar med vindauget. Her kan dei sjå til byen på ein klar dag. Soverommet har to dører, fordi ektefellane skal sleppa å klyva over den andre si seng når dei legg seg. Foto: Fredrik Refvem
Trefinér er brukt på alle veggane i hytta. Her ser me eit glimt frå foreldresoverommet i første etasje. Foto: Fredrik Refvem

Fleksibel bruk

Paret er glade i å halda seg i form og gå i fjellet, også May Sissel hadde blitt veldig glad i turområda i Årdalsheia, så ønsket om å få seg ei hytte nær heimen vaks seg sterkt hjå begge.

– Å ha hytte på denne måten gjer at me får brukt henne mykje heile veka. Det går og fint an sommarstid å berre dra opp og ta ettermiddagskaffien her. Nyleg køyrde eg ei venninne opp til May Sissel ein ettermiddag, dama hadde med ski, og rann heim til Årdal etterpå, fortel Sveinar.

Begge ektefellane var samde om at dei ville bygga ei enkel hytte, fordi dei ikkje ville kjenne på dårleg samvit for å ha bygd noko råflott som blei lite brukt.

Både Sveinar og May Sissel likar å halda seg i aktivitet. Foto: Fredrik Refvem
Skia blir flittig brukte når dei er på stølshytta. Foto: Fredrik Refvem
Kaldavatnet ligg like nedanfor hytta. Då det var barfrost gjekk familien på skøyter på Kaldavatnet. Etterpå var det berre å kravla seg opp skråninga for å nyta varm kakao i hyttestova. Foto: Fredrik Refvem

Dei gode pausane

Til tider kokar det rundt smittevernlegen i Randaberg, men May Sissel føler det kjennest annleis å ha det travelt og snakka mykje i telefon når ho er på hytta. Å sitja ved pc-en følest nesten som å sitja ute i snøen. Dessutan er det herleg å kunna ta seg ein tur ut og eta formiddagsmat mellom arbeidsøktene, fortel 38-åringen. Skia er ofte i bruk, det finst fleire scooterkøyrte løyper å ta. Herifrå kan ein mellom anna gå til Hjelmelands skianlegg Bjødnabu, fortel paret.

Dei likar begge det enkle hyttelivet kor ein må bera vatn og ved og venta på at hytta blir varm.

– Komforten har me i huset heime på garden, då kan hytta godt vera annleis, forklarer May Sissel.

Paret ville at stølshytta skulle ha eit naturleg og lunt uttrykk, difor er alle veggane inne kledde med kryssfiner. På golvet er det eikeparkett og taket er spiler. Naturen presser på og vil inn i hytta, og lokkar alle ut. Lyset flimrar i snøen og lufta bit i kinna. May Sissel får lyst til å ta seg ein skitur før sola går ned.

Hytta er kledd med impregnert kledning som skal få gråna av ver og vind. Taket er dekka av takpapp. Foto: Fredrik Refvem

Fredagskveld med gutane

Besøket er over og Sveinar startar scooteren. Etter bladfykane er frakta ned til låglandet att, vil Sveinar raskt gjere vendereis, men først må han sjekke at dei har alle ingrediensane til fredagstacoen, og sønene Simon (9) og Sondre (13) skal få vere med å velje ut helgesnopet på butikken i Årdal.

Deretter vil dei tre mennene i May Sissel sitt liv køyra scooteren mot hytta igjen, klare for familiekos i lyset frå snøen og ein raus måne.

Stølshytta vil få liggja i einsemd. Foto: Fredrik Refvem
Det er berre denne tomta her i området ved Kaldavatnet. Hytta ligg 550 meter over havet. Foto: Fredrik Refvem
Sveinar har vore med på heile byggeprosessen av hytta. No er det May Sissel som arbeider her oppe. Hyttekontoret har gitt arbeidslivet ein ny dimensjon, fortel legen og doktorgradsstipendiaten. Foto: Fredrik Refvem