Vanylven kommune
Gå til

Rådmann Andreas Christian Nørve. 

Vanylven tar studielånet

Du treng ikkje lenger reise nordover for å bli kvitt studiegjelda. No innfører Vanylven sitt eige «Finnmarksfradrag».

For kvart år du bur og jobbar i kommunen på søre Sunnmøre betalar Vanylven inntil 15 prosent av studielånet ditt, avgrensa til 28 000 kroner årleg.

Høgare startløn

- Vi er den første kommunen i landet som innfører denne ordninga. Vi ynskjer å gå nye vegar for å skaffe den rette kompetansen til kommunen, seier rådmann Andreas Christian Nørve.

Vanylven vil òg lokke med høgare startløn for kvalifiserte søkarar til stillingar som lærarar, sjukepleiarar, førskulelærarar og andre fagfolk som kommunen har behov for. Les meir om Vanylven her.

Naturperle

- I tillegg til dei økonomiske fordelane er Vanylven som skapt for store naturopplevingar. Her kan ein gå flotte fjellturar, fiske, dykke, spele golf og mykje anna. Kommunen bør vere midt i blinken for unge nyutdanna menneske som er aktive, glad i naturen, vil prøve noko nytt og samtidig få ein av dei beste privatøkonomiske ordningane i kommunal regi, meiner rådmann Nørve.

Rådmann Andreas Christian Nørve. 

For å bli ein del av ordninga må du vere folkeregistrert i Vanylven, tilsetjast i kommunen og busett der i minst 12 månader. Bidraget blir gitt på etterskot for kvart år du bur og jobbar i kommunen heilt ute i havgapet på Sunnmøre.

Positivt

Gjermund Kvernmo Langset er påtroppande leiar for Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund. 23-åringen frå Tomrefjord er positiv til at kommunen går nye vegar.

– Eg tykkjer det er positivt at det vert innført tiltak, men eg er usikker og spent på om det får ynskja effekt, det vert spanande å sjå, seier Gjermund.

Gler seg

Lovise Hasund (24) frå Ulsteinvik har flytta til Vanylven saman med kjærast  og jobbar no som lærar i Vanylven.  Ho gler seg over tiltaket:

– Eit flott tiltak som kan gjere Vanylven enda meir attraktiv og lokke fleire hit. Eit godt initativ frå kommunen. Vanylven er ein vakker stad  med nydeleg natur og mange flotte turar,  seier Lovise Hasund.

Lovise Hasund flytta frå Ulsteinvik til Vanylven og jobb som lærar. 

Modellen som Vanylven tek i bruk er inspirert av den statlege ordninga med «Finnmarksfradraget» for sju kommunar i Nord-Troms og alle kommunane i Finnmark.

Ifølgje HR-sjef i Finnmark fylkeskommune, Wencke Elveslett, er det ikkje gjort undersøkingar som talfestar effekten, men røynsla til fylkeskommunen er at kombinasjonen av spennande arbeid, breidde i arbeidsoppgåver og røynsle saman med dei økonomiske fordelane, gir ein veldig god effekt.

Kreative løysingar

- Vi søkjer heile tida å finne kreative løysingar for å tiltrekkje oss kvalifisert arbeidskraft. Vi er spent på effekten av vårt «Finnmarksfradrag», men har stor tru på at dette vil vere attraktivt, seier rådmannen i Vanylven, Andreas Christian Nørve.

Det er ikkje berre med denne ordninga at Vanylven tenkjer nytt. Kommunen har alt innført ei ordning med rabattar på alle kommunale rekningar som blir betalt elektronisk. I staden for å straffe med gebyr på papirgiroar, vil dei premiere med rabattar for å få flest mogleg til å betale på nett.

Innholdet i denne artikkelen er ikke produsert av Sunnmørspostens redaksjon, men av Sunnmørspostens markedsavdeling.

Sunnmørsposten er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på smp.no/ er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post.