Vanylven kommune
Gå til

Ein god grunn til å rive rekningar på papir, meiner Karina Beate Skare Longva. 

Vanylven først i landet med nett-rabatt

Vanylven kommune gir rabatt for å betale rekningar på nett. Kommunen er den første i landet som prøver ut dette.

Dersom innbyggarane brukar eFaktura får dei ein rabatt på 25 kroner på kvar rekning.

Premierar

– Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann Andreas Chr. Nørve.

Begeistra

Huseiernes Landsforbund er begeistra. Dei har mange medlemmer som handterer kommunale rekningar:

– Eit morosamt tiltak som vi ikkje har høyrt maken til før. Det er alltid hyggelegare å finne gode løysningar ved bruk av gulrot heller enn å bruke pisk. Vi oppfordrar andre kommunar til å følge Vanylvens eksempel, seier administrerande direktør Petter Batta i Huseiernes Landsforbund.

Vi ønskjer heller å premiere dei som hjelper oss, enn å straffe dei som ikkje går over til eFaktura, seier rådmann i Vanylven Andreas Chr. Nørve. 

Smartare

Ved å få folk over på e-faktura vil Vanylven spare store summar på administrasjon, og bruke meir pengar på å gi enda betre tenester til innbyggarane.

– Vi er ein liten kommune som heile tida må finne smartare måtar å jobbe på. Ifølge våre undersøkingar er vi den første kommunen i landet som gir rabatt på kommunale rekningar som blir betalt med eFaktura, seier rådmannen som meiner dette gir innbyggarane i Vanylven enda ein grunn til å smile.

Føregangskommune

Kommunen på søre Sunnmøre gjer det svært godt i målingar som viser kor tilfredse innbyggarane er med kommunale tenester, og no kan Vanylven bli ein føregangskommune med elektronisk rabatt.

- Supert. Eit godt forslag som må prøvast ut, seier Kim André Ekremsæter frå Åheim i Vanylven om ordninga.

Milliardbeløp

Ifølge næringsminister Monica Nærland kan samfunnet spare milliardbeløp i administrasjon ved å gå over til eFaktura. Ifølge berekningar frå Visma Consulting, vil innføring av obligatorisk eFaktura aleine gi ei årleg innsparing på rundt 27 milliardar kroner på landsbasis. Heile 164 millionar papirfakturaer blir sendt i posten kvart år.

Vanylven og rådmann Andreas Chr. Nørve vil gå saman med Sparebanken Møre og banksjef Sissel Kragset Vik for å finne løysingar for dei som ikkje er på nett. 

– Utfordringa til no har vore å utvikle økonomisystem til også å handtere rabattar og ikkje berre gebyr. Vanylven har no saman med gode samarbeidspartnarar klart å løyse dette nybrottsarbeidet, forklarar Nørve.

Ikkje alle er på nett

Også i Vanylven er det innbyggarar som ikkje er på nett, og kommunen er i dialog med Sparebanken Møre for å sjå om det kan finnast måtar slik at også desse kan nyte godt av prisreduksjonen.

– Vi ønskjer ingen digital diskriminering og håpar difor at vi saman med banken kan finne løysingar,  seier rådmann Andreas Chr. Nørve.

Innholdet i denne artikkelen er ikke produsert av Sunnmørspostens redaksjon, men av Sunnmørspostens markedsavdeling.

Sunnmørsposten er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på smp.no/ er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post.