Blir du vår nye kollega?
Vil du jobbe i Nordfjords største mediehus er dette ein alle tiders og sjeldan moglegheit. Ei spennande og utfordrande stilling. Vi kan tilby ein allsidig og interessant jobb i eit område med eit svært rikt nærings- og kulturliv, seier Rune Henden, regional salssjef i Polaris Media.
Rune Henden, regional salssjef.
Eigenutvikling
Henden lovar at du som marknadsrådgjevar i ei 100 prosent fast stilling får store moglegheiter for eigenutvikling og kompetanseutvikling, påverke din eigen arbeidskvardag, samt moglegheit til å bidra til å vidareutvikle Fjordenes Tidende sin posisjon i marknaden.
Aktiv og synleg
– Kva og kven ser ein etter?
– Det er nok ein stor fordel, meiner Henden.
Vidareutvikling
Som marknadsrådgjevar handlar jobben om å drive rådgjeving og sal av Fjordenes Tidende sine produkt og tenester. Men det handlar også om å ta aktivt del i vidareutvikling av mediehuset sine produkt, som #eghandlarlokalt-konseptet som har blitt kopiert av mange andre aviser, samt bidra til å styrke Fjordenes Tidende sin posisjon i marknaden – både lokalt og regionalt.
Fjordenes Tidende - #eghandlarlokalt
Fjordenes Tidende kan tilby ein rekke produkt og tenester til sine kundar. Kampanjar for kundar på print, digitale banner, Premium Norge, innhaldsmarknadsføring (content marketing) Facebook, Instagram, Linkedin, innstikk og trykksaker, i tillegg til marknadsrådgjeving.
"Steikje kjekke"
Blir du Fjordenes Tidenes nye marknadsrådgjever, lovar salssjef Rune Henden at du får steikje kjekke kollegaer som gjer at du trivst enda betre i eit hektisk og utfordrande miljø.
Ein av dei er Vilde Myhre Skavøypoll som har jobba som marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende og Nordfjordsamkøyringa sidan januar 2018. Vilde fortel at ho stortrivst i eit miljø der kunden står i fokus og der rådgjevarrolla er sentral.
Vilde har jobba som marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende og Nordfjordsamkøyringa sidan januar 2018.
Spennande og gjevande
Ein typisk dag for marknadsrågjevarane kan ha ei spennvidde frå tradisjonelle kanalar til sosiale medium og spennande kundemøte med lokale, regionale og nasjonale kundar.
Vilde får heile tida fagleg påfyll gjennom kompetanseheving i Polaris Media.
PS: Vil du bli marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende, må søknad og CV sendast på e-post innan 31. august til rune.henden@fjt.no
Innholdet i denne artikkelen er ikke produsert av Sunnmørspostens redaksjon, men av Sunnmørspostens markedsavdeling.
Sunnmørsposten er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på smp.no/ er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post.