Sparebanken Møre
Gå til

Skaparhuset

Hege Karete Hamre og Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre tek turen innom Skaparhuset i Sjøgata 30 i Ulsteinvik. Her møter dei Kjersti Kleven, skapar og dagleg leiar av den kreative arenaen.

– Vi som bank ynskjer ikkje berre å vere ein bidragsytar i form av pengar. Men også engasjere og involvere oss i Skaparhuset. Vi er genuint opptatt av å følgje med og bidra der vi kan, slik at skaparverkstaden utviklar seg i rett retning, fortel banksjef for personmarknaden, Ellen Kvalsund innleiingsvis.

Økonomisk samspel
Sparebanken Møre er ein av fleire partnarar av Skaparhuset, og bidrog med 1 million kroner i oppstartsfinansiering. Samtidig fekk prosjektet regionale utviklingsmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, i tillegg til forpliktande avtalar om bruk frå dei andre partnarane; Ulstein kommune, Ulstein vidaregåande skule, NCE Ikuben, Høgskulen i Volda, ÅKP, Mafoss, Ulstein Næringsforum, og ProtoMore Innovasjonslab.

– Ja, dette har vore eit viktig økonomisk samspel for å få Skaparhuset opp og gå. Tilskotet er definert som eit toårig prosjekt. Slik at vi får tid til å utvikle ein forretningsmodell, som etter kvart gjer at vi kan stå stødig på eigne bein. Eg er audmjuk. For når fleire aktørar går saman på denne måten, med både kunnskap og midlar, blir liten tanke sterk og store mål oppnåelege. Det er skaparkraft med stor S det, seier Kjersti Kleven takknemleg.

Skaparglede og innovasjon
For det er nettopp det som har vore visjonen til Skaparhuset. Å lage ein felles myldreplass i regionen for næringsliv og læringsliv. Der bedrifter, skular, elevar og idéskaparar kan møtast, tenke annleis, vere kreative, og skape noko saman. Huset tilbyr ulike soner med Lounge, møterom, undervisning og verkstad, samt 3D-skrivarar, laserkuttarar, og robot lab. Alt tilrettelagt for å kunne teste ut ideen sin, og om ønskeleg lage ein prototype av produktet sitt. – Dette er veldig spanande å få vere med på, seier banksjef for næringsliv, Hege Karete entusiastisk. Vi i Sparebanken har eit samfunnsansvar, og skal legge til rette for utvikling og skaparkraft her på Nordvestlandet. Skaparhuset fremjar skaparglede og innovasjon, og vi er glade for at vårt bidrag, som var øyremerka utstyr og lokalet, er ein av hovudgrunnane til at denne verkstaden no er oppe å går, fortset ho.

Og utstyret er så absolutt i orden. Ikkje nødvendigvis heilt A4, men annleis og innovativt. Akkurat slik ein skaparverkstad skal sjå ut. No sit dei tre dyktige damene på kvar sin vaglande krakk, inntil eit bord med hjul på. Praten går lett og uformelt mellom dei. – Ja, vi vil ha det litt slik her. Med finurlege krakkar, rullerande og flyttbare arbeidsbord, mose på veggane, og stikkontaktar som heng ned frå taket, seier Kjersti og flirar. – Vi trengte ein slik arena på Søre. Eit anna rom enn det du oppheld deg i til dagleg. Her kan idéar få spire og gro.

Suksess
Skaparhuset vart offisielt opna 14. august, og allereie no har det sprunge ut fleire knoppar av nye og spanande idear. Praten går i eitt rundt bordet, og Kjersti fortel engasjert om fleire suksesshistorier. Ho er glad for at huset blir brukt slik ho hadde tenkt.

– Det er veldig kjekt. Ulstein vidaregåande skule har brukt huset frå dag ein. Og då spesielt elevane ved programfaglinja; Teknologi og Innovasjon. Det er blant anna dei som har laga desse borda med hjul på. Og kva synes De om bardisken borte ved vindauget? Den vart teikna, snikra og montert på dugnad her eine kvelden. Eg synes den vart veldig fin.  

– Kven tenker du skal sitte der å dingle med beina da? Spør Ellen.

– Her er alle velkomne, uansett sektor og bransje. Framover håper eg også at fleire bedrifter vel å bruke oss, samt at einslege gründerar heller vil sitte her saman med oss i eit skaparmiljø, enn heime i si eiga stove, svarer Kjersti og fortset ivrig.

3D printarane er ein viktig del av utstyret som står tilgjengeleg i Skaparhuset, her skal det vere lett å ta tak i ideane, teste og realisere dei. 

Teknologiskulen 2.0 
–  Etter planen skal også grunnskulen implementere oss meir i sine timeplanar. Skaparhuset er perfekt for å kunne følgje haustens nye læreplan. Den legg no meir vekt på teknologi, innovasjon, og det å bruke kunnskapen meir praktisk. Kanskje ikkje så rart at skulesjefen i Ulstein, Vegard Sæter Gurskevik, kalla Skaparhuset for Teknologiskulen 2.0 under opninga. I fin stil til Ulstein kommune si satsing på meir teknologi i heile skulen, fortel Kleven stolt.

Kjersti viser til at kommunane Ulstein, Ørsta og Volda har hatt ei særskilt satsing på teknologi i  skulen over fleire år. Og rosar også Høgskulen i Volda for sin innsats her. Dei etterutdannar lærarane på området, tilpassar, og brukar erfaringane sine til å betre den grunnleggjande lærarutdanninga med ny digital kompetanse. Ellen og Hege Karete kunne ikkje ha vore meir einige.

– Ja, Høgskulen i Volda har ei sentral rolle i forhold til vidareutdanning av ny kunnskap. Dei er kjempegode på pedagogikk og læring, og ligg langt framme på digital kompetanse, supplerer Hege Karete.

– Og dei er også svært aktive, skyt Kjersti inn. – Dei har allereie lagt fleire av aktivitetane sine hit til oss, mellom anna la dei strategisamlinga om digitalisering i lærarutdanninga, til Skaparhuset. Det er veldig kjekt, og vi håper på meir av det. På denne måten vil partnarane våre kome nærare bedriftene her på Søre. Og andre vegen, ved behov kan bedriftene her enklare ta nytte av våre ressursar frå dette unike og kunnskapsrike skaparmiljøet.

Styrken til Skaparhuset 
Banksjefane i Sparebanken Møre sit med stjerner i augo. Det er akkurat dette dei meiner er styrken til Skaparhuset. Ein smeltedigel, der ungdomen får møte det lokale næringslivet, og næringslivet får møte verkemiddelapparatet. – Vi er opptatt av at Nordvestlandet skal vere ein attraktiv og kjekk plass å bu og jobbe på. Det er vår oppgåve å legge til rette for at nye idear blir til og realisert. Vi trur på lokal kunnskap, og at ungdomen får bli kjent med næringslivet tidleg. Dei unge er gjerne mykje smartare enn oss på mykje, og då er det viktig å gi dei tillit, og legge til rette for at dei kan forske og «leike» seg med reelle ting. Vi treng kloke haud og kloke hender på Sunnmøre framover, for å halde på eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv, seier Ellen Kvalsund

– Eg har veldig tru på menneske opp i det heile også eg da, legg Hege Karete til.  – At folk med same interesse kan møtast og lære av kvarandre. Dei beste ideane kjem gjerne ikkje i einsemd, men i samspelet med andre menneske med lik interesse, der ein kan lære av kvarandre.

Praten går mot slutten, og Kjersti tek siste ordet. – Tenk kor kult det er for ein gutunge å bli kontakta av ei bedrift, som treng hjelp til å lage ein liten dings for at produktet skal kunne fungere?! Akkurat slik var det for ein 14-åring her på Skaparhuset. Firmaet Prodtex fekk levert ein robot frå USA, men mangla to «flensar» for å kunne ta den i bruk. I staden for å vente lenge på å få tilsendt delane over Atlanteren, printa guten likså godt delane ut på 3D-skrivaren her i plast, etter teikningar frå bedrifta. Eineståande, avsluttar ho.

Ein treng ikkje kaste vekk verdifull tid med å vente på deler ein manglar, når ein kan printe sjølve. Slik Prodtex løyste det. 

 

Innholdet i denne artikkelen er ikke produsert av Sunnmørspostens redaksjon, men av Sunnmørspostens markedsavdeling.

Sunnmørsposten er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på smp.no/ er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post.