Fjordenes Tidende
Gå til

Denne gjengen vil ha en ambisiøs redaktør som vil skape framtidas mediehus. 

Vil du bli sjefen vår?

Denne gjengen er digital av legning, offensiv, uredd og brenn for Fjordenes Tidende. No treng dei ny sjef – ein ambisiøs redaktør som vil skape framtidas mediehus.

Er du samfunnsengasjert, har teft for dei gode historiene, er digitalt nysgjerrig og uredd?  Har du god redaksjonell erfaring og stor forståing for lokalavisa si samfunnsrolle? Då kan du vere den ansvarlege redaktøren og daglege leiaren det største mediehuset i Nordfjord jaktar på!

Digital utvikling
– Mediebransjen er utruleg spennande og i ei rivande digital utvikling. Fjordenes Tidende har god kompetanse og ein sterk posisjon innan digital publisering. Digital utvikling av mediehuset er høgt prioritert. Den nye redaktøren bør ha stor digital entusiasme for innhaldsformidling, nye konsept og aller helst kunne sjå inn i morgondagen, seier Frank Støyva Emblem, direktør for lokale mediehus i Sunnmørsposten.

Frank Støyva Emblem, direktør for lokale mediehus i Sunnmørsposten. 

Framoverlent
Fjordenes Tidende med sine om lag 4500 abonnentar er heileigd av Sunnmørsposten og ein del av Polaris Media ASA. Fjordenes Tidende blei etablert for 111 år sidan, har rike tradisjonar, men er samstundes svært framoverlent med spennande utviklingsmoglegheiter og store ambisjonar.

Lokalsamfunnet
I dekningsområdet finn vi eit offensivt og innovativt næringsliv. I lokalsamfunnet er det mange kreative personar med stor skaparevne som bidrar til vekst og utvikling. Det skjer svært mykje på næringslivsfronten, med fleire nye høgteknologi-arbeidsplassar. Det set også krav til Fjordenes Tidende som lokalavis.

Store ambisjonar
– Vi er tett på lokalsamfunnet og opptatt av å lage journalistikk som vedgår dei som bur her.  Vi har store ambisjonar om å vekse og utvikle avisa. Vi opplever at nye tankar og idear i stor grad blir applauderte. Slik ønskjer vi sjølvsagt også det skal vere vidare under ein ny redaktør og dagleg leiar. Vi planlegg streaming av lokalfotballen, og vi brukar flater som podkast med stor suksess, fortel leiar for redaksjonsklubben, Bjørn Erik Drabløs.

Bjørn Erik Drabløs er leiar for redaksjonsklubben i Fjordenes Tidende. 

Vinnarvilje
Når det gjeld utfordringar, er det ifølgje Drabløs eit positivt ladd ord som bidrar til å få fram vinnarviljen mellom dei tilsette.

– Vi ønskjer heile tida å vere best i kampen mot dei andre mediehusa. Vi er sikre på at vår posisjon som den største avisa i Nordfjord berre blir viktigare i åra som kjem. Nettopp fordi vinnarvilje, friheit under ansvar og utfordringar er vår oppskrift på suksess, fortel Bjørn Erik.

Største mediehuset
Fjordenes Tidende er det største mediehuset i Nordfjord, men utfordra i kommunane Stad og Kinn av konkurrentane Fjordabladet og Firdaposten. Marknadsavdelinga i mediehuset har ein sterk posisjon i lokalmarknaden. Fjordenes Tidende har også ansvar for drift av Nordfjordsamkøyringa, eit annonsesamarbeid for dei fire lokale mediehusa i Nordfjord.

Fjordenes Tidende er det største mediehuset i Nordfjord. 

Barskt og ujålete
Ytre Nordfjord og Måløy har mykje spennande å by på, og er eit fargerikt, ujålete og barskt stykke Noreg. Næringslivet er internasjonalt orientert, identiteten lokal, men blikket er vendt utover. Naturen er storslått med ikoniske naturperler, kystkulturen er levande og kulturtilbudet mangfoldig.

Ytre Nordfjord og Måløy er eit fargerikt, ujålete og barskt stykke Noreg. 

Utvikle medarbeidarane
– Kjennskap til dekningsområdet Måløy og Nordfjord-regionen vil vere ein fordel. Den nye redaktøren skal også vere ein skrivande ressurs, men skal også bruke tid på å utvikle både medarbeidarane og mediehuset sitt lesartilbod. Redaktøren blir dagleg leiar for mediehuset med personalansvar for heile staben, seier Frank Støyva Emblem.

Denne gjengen vil ha ein ambisiøs redaktør som vil skape framtidas mediehus. 

Mediehuset Fjordenes Tidende AS har kontor i Måløy, ni tilsette og ei forventa årsomsetning på vel 16 millionar kroner.

Innholdet i denne artikkelen er ikke produsert av Sunnmørspostens redaksjon, men av Sunnmørspostens markedsavdeling.

Sunnmørsposten er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Om du opplever at denne eller andre annonser på smp.no/ er utydelig merket, gi oss gjerne beskjed på e-post.