Og det har dei fått. Invit Arkitekter AS i Ålesund har teikna ho, og no er hytta i Sykkylven teken i bruk.
– Det var ein ny generasjon som skulle ta over ei heilt tradisjonell og diskret hytte på Fjellsetra. Vi fekk først mandat til å teikne eit tilbygg, men det enda opp med at den gamle hytta vart riven, og det vart eit heilt nytt bygg, fortel André Klevberg.
Rust
Han er ein av arkitektane hos Invit som står bak den høgst spesielle hytta, bygd i stål som rustar, samt svartbeisa treverk – og ikkje minst med store vindusflater på den eine sida.
Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook
Sjølve bygginga er det Gingabygg og Elliott Rees som har stått for.Klevberg vedgår at kommunen først var litt skeptisk, og meinte hytta ikkje akkurat var i tråd med lokal byggeskikk.
Bygger hytter for 200 millionar
Aktiv familie
Oppdragsgjevaren er ein ingeniør som er busett på Austlandet. Han forklarte arkitektane at dei er ein særs aktiv familie som både driv med klatring og står på ski, og at dei elskar naturen på Sunnmøre.
Då kunne dei ikkje gøyme vekk utsikta bak småruta vindauge. André Klevberg seier at dei store vindauga på den eine sida av hytta rammar inn fjella som familien er så glade i. Og familien, med vener, er blitt mange.
Så dei gav også arkitektane i oppdrag å teikne mange soveplassar. Det har dei løyst ved å teikne tre særs store soverom der dei har stabla sengene i høgda.
– Då kan dei sove minst 15 på hytta på ein gong, forklarer Klevberg.
Oppdraget gjekk også ut på å teikne ei opa hytte. Så på fine dagar kan den eine veggen, som består av glas, opnast heilt, slik at stua og terrassen går i eitt.
(meir å lese under bilde)
Spanande
Klevberg seier at Invit Arkitekter har den siste tida fått fleire spanande oppdrag. Dette er eit av dei. Og responsen har vore god.
– Hytta er blitt omtalt i fleire aviser no, så tilbakemeldingane er blitt mange. Og folk er positive, seier arkitekt André Klevberg.