Begge Nettbuss-rutene har korrespondanse til og frå Ålesund, og dagbussen korresponderer med ekspressbuss som går Måløy–Stryn–Oslo.

Nattbussen har køyrt strekninga Ulsteinvik–Ørsta–Volda–Stryn–Oslo i mange år, og no er det altså starta opp eit dagtilbod på den same strekninga.

Dobbeldekkar

. Frå måndag av blir nattbussane skifta ut med større bussar, dobbeldekkarar med 64 sitjeplassar. Den fremste halvdelen av andre etasje har oppgradert komfort med totalt tre sete i breidda. Seta kan leggjast godt bakover og har også fotstøtte som kan faldast ut. I første etasje er det vanlege ekspressbuss-sete, men også to soner med bord der familiar eller andre som reiser saman kan tinge plass.

På nett

– Vi håper at den oppgraderte komforten på bussane vil fengje folk, sjølv om desse seta er litt dyrare enn standardseta, seier marknadssjef i Nettbuss Travel AS, Svein-Arne Vik.

Han oppmodar passasjerane til å bestille billettar på nett, for å vere sikre på å få plass på bussen. Billettar til Nettbuss sine Oslo-ruter kan også kjøpast hos Berg-Hansen Reisebyrå i Volda og i Fosnavåg, på G Travel i Ulsteinvik og på turistinformasjonen i Ålesund.

<strong>Komfort:</strong> I andre etasje av bussen er det ei sone med ekstra breie og komfortable sete. Framme marknadsdirektør i Nettbuss Travel AS, Svein-Arne Vik, bak sit prosjektleiar Kim Andre Eide.