Det har kome store mengder snø på Sunnmøre dei siste dagane. Laurdag slår det om til mildvêr og kanskje regn. Det betyr at det kan bli mykje vekt å bere for hus og bygningar.

– Vi har ikkje gjort vektmålingar, men det nærmar seg 70-80 cm på taka, seier avdelingsingeniør Nils Holten i Skodje kommune torsdag føremiddag.

– Det er ikkje noko problem enno fordi det er så lett snø. Men dersom det slår om og blir regn, då byrjar det å bli kritisk for enkelte, seier han.

Særleg for tak bygt før 1980 er det viktig å ta ein sjekk.

Merkar det på innvendige dører

– Dersom det byrjar å bli kritisk, vil det merkast særleg på innvendige dører, seier Holten.

  • Bygningar oppført 1950-1979 vil vanlegvis tole inntil 50 cm tørr, gammal snø – eller 40 cm våt snø. På den tida skulle tak minst 150 kilo per kvadratmeter.

  • I 1980 fekk vi ein ny standard, med tak som skal tole omtrent det doble.

Ikkje vent til snøen blir våt

Men ikkje vent til grensa er nådd. Det er lurt å rydde taket i god tid, og i alle fall før snøen blir våt.

– Ver spesielt merksam på synlege nedbøyingar eller andre endringar i bygninga, som er eit varsel om stor belastning av snø på taket, for eksempel at dører og vindauge byrjar å gå tregt. I nokre situasjonar kan ein også høyre knirk og smell i konstruksjonen. Då kan det vere fare på ferde, skriv Direktoratet for byggkvalitet.

Sjå oppdatert vêrmelding (yr.no)

Skeivbelastning av taket enno verre

Kva skal vi så tenke på når vi ryddar taket for snø?

  • Sørg for det første for eigen tryggleik.

  • Men taket må også ryddast utan at det taket blir skeivt belasta. Skeivbelastningar kan vere meir kritisk enn ei større, jamt fordelt belastning, skriv Direktoratet for byggkvalitet.

Ikkje berre berre med wire

Nokre tar i bruk ein wire for å fjerne store mengder snø samtidig. Det er ikkje sikkert det er heldig for taket.

– Unngå at store snømengder kjem i rørsle samtidig. Ein wire som blir ført gjennom snølaget kan fjerne mykje snø, men ei rask avlasting kan setje huskonstruksjonen i svingingar som den ikkje toler, åtvarar dibk.no.

La det dessutan vere igjen 10-20 cm snø, for å unngå å skade sjølve taket.

Gjer som nesten 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.