Storfangst i lakseelvar

Laksesesongen er definitivt over for i år, og på heile Sunnmøre vert det fortalt om eit elvefiske utanom det vanlege.

Fellesavlusinga har hatt svært positiv effekt

Ragnar Kaland
Forbruker

Fisket var så overveldande at mange frykta rekordinnsig av oppdrettsfisk, og skjell- og genprøver vart sende inn frå blant andre Ørstaelva og Fyrdselva.

Prøvene viste at det i all hovudsak var villaks.

Beste på 20 år

– Også eg frykta at det var oppdrettslaks, særleg i Ørstavassdraget. Veldig gledeleg at det ikkje stemte, seier leiar i Sunnmøre elveeigarlag, Jan Melseth frå Sykkylven.

Tala i Ørsta er ikkje klare enno, men laksefiskarar der melder om beste fisket på tjue år.

Det vert antyda ein fangst på fire tonn, og mykje stor fisk har vorte landa i elva, som tradisjonelt har hatt mykje pjakk.

Dobbelt så bra

I Aureelva i Sykkylven vart det i år fiska vel 1,4 tonn, like mykje som i storsesongen 2000 - med halvparten så kort sesong.

– Også i elvane på Stranda og i Hellesylt fortel dei om god fangst i år, fortel Melseth.

Han registrerer at forskarar meiner laksen sin mattilgang i havet er ei forklaring på framgangen.

Tek kontroll på lusa

Både Melseth og laksefiskar Ragnar Kaland - også han frå Sykkylven - meiner det er minst to andre forhold som har ført til den gledelege utviklinga.

– I 2008 vart det innført felles-avlusing samtidig på oppdrettsanlegg over heile landet. Avlusinga skjer i februar/mars, når smolten går ut i havet. I år er første året vi kunne merke om dette hadde positiv effekt, sidan fisken er to - tre år ute i havet, seier Kaland.

– Og det er soleklart at dette har hatt ein svært positiv effekt, meiner Melseth.

– Det viser også for ein stor trussel lakselusa var - og framleis er, om ein ikkje passar på, seier Kaland.

Havfiske

Restriksjonar på havfiske av laks har også ført til at fleire laks kjem tilbake til elvane.

– Det var på høg tid at slike restriksjonar kom. Enorme mengder laks vart fiska i havet før restriksjonane kom, seier Kaland.

– Sesongen for kilenot er no kortare, og det er forbod mot bruk av andre reiskap. Dette har utan tvil verka svært positivt, seier Melseth.

Han konkluderer med at villaksstammen på Sunnmøre byggjer seg opp igjen.

– Og eg har tru på fleire jubelsesongar framover. Når det gjeld sjøaure, er situasjonen annleis. Frå fleire elvar vert det meldt at sjøauren ser ut til å vere på tilbakegang.

Har du fått laks på kroken i år? Bruk kommentarfeltet !

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Forbruker