Onsdag klokka 10 opna Statens vegvesen fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn på Strynefjellet for trafikk.

Den såkalla Geirangervegen var open nokre dagar i april, men måtte stengjast igjen fordi det kom snø i vegen.

– Det kalva litt i kantane noko som gav vinterføre. Men no er det fine køyreforhold, seier sjefingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen til smp.no.

Les fleire bil- og trafikknyheiter på smp.no

Trollstigen

Også fylkesveg 63 over Trollstigen mellom Sunnmøre og Romsdalen er klar for opning allereie torsdag klokka 08. Det er den tidlegaste opninga på 23 år.

- Slik det ser ut no er det berre endringar i vêret som gjer at vegen kan verte stengt igjen. Får vi mykje nedbør, kan det kome stein ned på vegen. Da må vi stenge han av tryggleiksmessige årsakar, fortel byggeleiar Roar Vikhagen i Statens vegvesen.

Årsaka er naturleg nok lite is og snø i fjella.

Bildeserie: Spektakulære Trollstigen

Står klare

Fleire synst det er gjævt å vere først over fjellet - særleg på Trollstigen. Og ofte får den som står fremst i køa på Rauma-sida ei lita påskjønning.

– Det står gjerne ei lita kolonne og ventar. Det kan vere både turistar og lokale folk. Vi pleier kjøpe litt sjokolade til den som er først, og gjer nok det i år også, seier Hol.

Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å sjekke vêrmeldingane før dei legg turen til Trollstigen.

Skal du over Trollstigen eller Geirangervegen? Send oss mms på 95400400 eller tagg bilde med #smpno på instagram

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)