Far til Hilde kallar seg steingalen, noko denne peisen han har laga, er eit godt døme på. Han hadde også ideen til trerota på toppen for at overgangen mellom peis og vegg ikkje skulle bli for brutal. Foto: Fredrik Refvem

Hyttehuset i Hjelmeland

Å bu på landsbygda er ikkje å bu i byggefelt, meiner Hilde Pedersen Meland og Kenneth Meland. Difor valde 31-åringane å byggja hus på ei frittståande tomt ganske langt frå allfarveg.