Nordvestlendingane har pakka i bilen og lagt i veg til hytta på påskeferie.

Nesten 2000 hytter ventar i Lesja kommune, over 1100 i Stryn og snart 750 i Stranda. Dette er tre av dei største hyttekommunane for nordvestlendingane.

Størrelsen auker

Og ikkje berre har talet på hytter auka dramatisk, også størrelsen aukar. Hyttene er i snitt dobbelt så store som for 30 år sidan, og auken har vore gigantisk utover på 2000-talet.

Aller størst er hyttene i Lesja, og slik har det vore gjennom tre tiår.

Jamnt over har hyttene her i snitt også vore større enn i landet elles, og på 2000-talet har hyttene her også vorte mykje større enn den vanlege norske hytta.

Stranda hadde lenge dei nest største hyttene i dei tre kommunane Sunnmørsposten har undersøkt, men Stryn åt seg innpå utover på 2000-talet. Stryn-hyttene var til og med større enn Lesja-hyttene i 2009. Og dei siste åra er hyttene både i Lesja, Stryn og Stranda større enn landsgjennomsnittet.

(Artikkelen fortsetter under grafikken)

Stølsdraumen

Leiar i Vestlandsforsking, professor Carlo Aall har drive mykje forsking mellom anna på berekraftig reiseliv. Han forklarer hytteveksten med at hyttefenomenet har to heilt ulike røter.

– Hytte har alltid vore ei velstandsvorte, heilt sidan dei rike romerane rømte til Napolibukta når det vart for varmt i Roma.

Dette har nordmenn kombinert med stølsdraumen. Lykkeleg var den som fekk fare til fjells med dyra sommarstida.

Det var eit enklare liv enn nede på garden. Etterkvart som folk har vorte rikare og rikare har «stølen» deira vorte større og større, men tanken på det enkle livet har følgd med.

– Berre at no betyr «det enkle livet» at det skal vere ukomplisert. Ein må ha det enkelt så ein kan pleie familien og gå tur.

Storforbrukarar

Til eit «enkelt liv» høyrer det med varmekablar i golva og innkøyrselen, badstu og boblebad. I tillegg til at mykje meir areal skal varmast opp - og ein har gjerne ståande på ein del varme anten hytta er i bruk eller ikkje.

Resultatet er at straummålarane på hyttene så langt frå lever noko roleg liv. Straumforbruket per kvadratmeter på hyttene berre veks og veks medan det minkar i husa våre. På heimebane har straumforbruket ikkje auka sidan rundt 1990.

I tillegg kjem det forskarane kallar «tingleggjering av fritida», noko som mellom anna kunne målast i at vekta av importert sportsutstyr vart dobla berre på nokre få år på 2000-talet. Dessutan tek ein ofte også ferie frå gjenvinning av av avfall når ein er på hytta.

– Det er som om ferien skal vere skjerma frå politikk, kommenterer Aall. Han meiner at vi må opne også fritidssektoren for miljøpolitikk.

 – Det er ein for stor sektor til å bli skjerma. Slik det er no, så får den berre vekse fritt utan styring.

Aall meiner det må vere betre at vi ser på ulike måtar å drive klimapolitikk på når det gjeld ferien vår, enn at vi skal gjere kvardagen vår vanskelegare.

Carlo Aall trur ikkje folk vert storforbrukarar av både straum anna på hytta av vond vilje.

– Men det er ingen drivkrefter som trekker den andre vegen. Vi har malt oss inn i eit velstandshjørne. Intensjonen med hyttene var god, men det har sørgelege miljøkonsekvensar.

<strong>fritidspolitikk:</strong> Forskingsleiar i Vestlandsforsking, Carlo Aall, meiner ein ikkje kan ta ferie frå miljøpolitikk. Pressefoto