Fem personar er i sving for å produsere, pakke og køyre ut Vigramør i desember.

Følg smp.no på Facebook

Forrykande tempo

Kor mange telefonar han får i løpet av éin desemberdag, har Olav Bjørn Roald ikkje tal på.

Dagleg leiar på Roald Kjøtt er inne i sin mest hektiske produksjonsmånad. Totalt fem personar produserer, pakkar og køyrer ut Vigramør i eit forrykande tempo. Men mattryggleiken står i fokus i alle ledd, forsikrar Roald.

– Skal vi klare å overleve, må vi satse på kvalitet, uttalar Roald.

Meir forbrukerstoff på smp.no

700 kilo dagleg

Vigraverksemda lagar om lag 700 kilo dagleg av svinemøren, som har røter heilt attende til 1927. Då flytta slaktaren Ole Viddal frå Hjørundfjorden for å busetje seg på Vigra.

Med seg i bagasjen hadde han ei oppskrift på mør, som mange år seinare vekkjer sterke kjensler hos mørelskarar.

– Vigramøren består av reint norsk svinekjøt. Vi bruker verken innmat, eller andre typar kjøt. Heller ikkje potetmjøl eller andre tilsetningsstoff. For det første er vi ei familiebedrift, og det er viktig for oss å halde oss til den opphavlege oppskrifta. For det andre er det mange som slit med allergiar og matintoleranse, og difor vil vi unngå det av den grunn, fortel Roald.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Les meir i papirutgåva av Sunnmørsposten laurdag