Dette er konklusjonen til Jan Helset (46) i Volda. Lærar og trubadur som vart stadig meir mismodig til lenger hårvikane kraup bakover skallen. Hårfestet for stadig høgare opp mot topp-punktet, og særleg musikaren Jan Helset måtte innsjå at 90-talet - med skulderlangt hår i eit rockeband i Trøndeleg glei stadig lenger unna.

Målretta

Hårklippen vart stadig kortare i stussen for å kompensere. Men for Jan Helset sat det altfor langt inne å berre rake bort heile greia, slik mange i same stode gjer. Han leitte målretta etter middel, vindundermiddel eller andre utvegar.

– Men ein dag for over to år sidan dukka eit truverdig alternativ opp. Poseidon-klinikken i Oslo kunne vise til før- og etterbilde som verkeleg interesserte meg, fortel Helset.

Stikling og prikling

Han tok kontakt. Etter å ha fått prisoverslag eller anbod, berre han sjølv veit nøyaktig, sette Helset kursen for hovudstaden. I dette tilfellet hovudstaden bokstaveleg tala. Med ein tanke i hetta: Å returnere heim til Volda med skallen full av nyprikla hår. Rett og slett stiklingar, rykte opp eitt og eitt med rot frå fyldigaste nakkekransen, og deretter planta til nytt rotfeste i ørkenområda der den gamle hårskogen hadde rotvelta.

Berre ved å låne litt terminologi frå planteriket, greier vi å attgje prosessen som Jan Helset sjølv skildrar.

Han opplyser at det heile skjedde under full lokalbedøving, som ikkje var heilt smertefri å få på plass. Litt skal ein lide. Deretter tok prosessen åtte samfulle timar. Fire til å ta nakkehår-stiklingar, fire til å prikle dei på plass på toppen.

Stå fram med hår

– Eg kan gjerne vedgå at eg var godt gåen på tampen av denne dagen. Men du verda, kor det skulle vise seg å vere verd innsatsen! gliser Jan Helset. Mannen er såpass godt nøgd at han bestemte seg for å fortelje også andre menn om hårstuntet sitt.

– Men ikkje før det hadde gått såpass lang tid at eg kunne vere heilt sikker på at resultatet var varig og slik eg hadde vona. Etter to år er eg sikker, seier Jan. Han seier seg like sikker på at det finst mange der ute som går med tankar om hår og hårtap som han sjølv.

– Ja, dei er langt fleire enn fotballspelaren Wayne Rooney, som må vere eitt av dei ferskaste eksempla på fornya hårstatus.

– Men, ein treng langt frå ha Rooney si kunstnarløn for å gjennomføre ein slik transaksjon på sveisen. Dette er noko dei fleste kan prioritere og unne seg, dersom det er viktig nok for dei, insisterer Jan Helset.

Spegelen

– Kvifor var dette så viktig for deg?

– Mannen eg såg i spegelen var etter kvart ikkje den eg ville vere på hårfronten. Det gjorde noko med sjølvkjensla, noko heilt konkret i mitt tilfelle, opplevde Helset.

– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv, før eg slo det skikkeleg fast: – Kvifor ikkje Jan, kvifor ikkje? Derifrå var vegen kort.

– Spørsmålet no må heller vere om eg vil ta endå ei behandling - og flytte hårfestet endå ein tomme lenger fram. Det er i alle fall muleg viss eg vil, konstaterer Helset nøgd.

Han trur at nokre menn kan vere komfortable med å misse håret. Men han trur også at temaet for endå fleire er tabu.

– Mannfolk flest har det ikkje med å forsnakke seg om dette vanskelege emnet. Mi erfaring er at mange taklar saka med å rake av seg resten også, så det ikkje finst eit fjon att på haudet. Det var aldri noko løysing for meg. Ei heller å gå motsett, til parykk eller toupe. No har eg mitt eige hår fullt ut, eg har berre flytta litt på det - frå ein stad der det uansett vil vere nok att, seier Helset.

Personleg velvære

Han innser at han som artist og trubadur er såpass forfengeleg at hår eller ikkje hår hadde sitt å seie.

– Men framfor alt handlar dette om mi eiga, ekte kjensle av personleg velvære. Denne er på ingen måte til å ta feil av.

Jan Helset seier til Sunnmørsposten at det har vore viktig for han at både kona og borna har bakka han opp på valet han tok.

– Dei har garantert at dei synest eg er nøyaktig den same som før, bortsett frå sveisen oppå her.

– Berre litt kulare no, gliserHelset. Til dagleg er han lærar ved Bjørkedal Nærskule, der også elevane har gått god for at dei har ein kul, hårfager og ikkje minst musikalsk lærar...

FØR: Jan Helset før hårkuren for to år sidan. Foto: Privat
ETTER: Jan Helset kan på nytt bruke «femtindaren» til kam. Foto: Knut Arne Aarset