– Det einaste som hjelper er handvask, handvask og handvask, seier leiande helsesøster i Herøy, Elisabeth Slettestøl.

Like sikkert som at julestria setter inn, er det at magesjuke riv over ende familie for familie.

Folkehelseinstituttet har ikkje sett i gang noko nasjonale alarmar på mage-virus som er ute og går, men i Herøy er rota-viruset registrert, og ein treng ikkje å vere lenge på facebook før ein registrerer kva som er ute og går mellom folk på heile Sunnmøre.

Også Janne Skeide Eikrem er helsesøster på Herøy helsestasjon. Ho har jobba i mange år på barneavdeling på sjukehus, og seier ho ikkje kan huske ei einaste jul utan at det har vore barn med magevirus på avdelinga.

Stressa

– Det er ikkje for ingenting at det kjem rundt jul. Folk er stressa og har nedsett immunforsvar.

Travle førjulstider gjer at immunforsvaret er dårlegare både hos barn og vaksne. Dermed smittar alle slags bakteriar og virus lettare. Det einaste ein kan gjere for å unngå det, er å stresse mindre, mellom anna med husvask, og vaske seg meir på hendene.

Såpe og vatn

– Vask hendene før du et. Og etter du har vore på do. Og gjerne når du kjem inn. Ein kan ha vore ute, teke i handlevogner, dørhandtak, pengar...

Har ein først fått svineriet i hus, er handvask viktigare enn nokon gong.

– Vanleg såpe og lunka vatn. Vask godt mellom fingrane og husk at ringar er bakteribomber. Og ha gjerne kvar sin handduk også.

Drikke

Den som er sjuk treng mykje væske.

– Men gi små supar ofte i staden for eit heilt glas i slengen.

Eplejuice gjerne utspedd med farris er god drikke for dei med magesjuke. Det same er blåbærsaft, men det må ikkje vere drikke med for mykje sukker.

Om ein skal ete noko, så fortel Janne Skeide Eikrem at på sjukehusa bruker dei salte kjeks. Kokt og godt salta ris er også noko som kan binde magen. Det same er raspa eple. Og det gamle kjerringrådet med havregrynsavkok.

– Men det er væske som er viktig. Dei fleste friske barn har reservar å tære på i nokre dagar om ikkje det vert så mykje mat dei får i seg.

Omsorg

Elisabeth Strand er også oppteka av at sjuke barn i tillegg til rikeleg med væske må få rikeleg med omsorg.

– Gi dei ro og trøyst, nærheit og omsorg. Det er det dei treng.

Og ein blir ikkje smitta av å klappe på eller halde rundt eit sjukt barn. Smitten kjem når hendene som har klappa kjem i kontakt med munnen eller noko som skal i munnen. Då er det ei nye runder med såpe og vatn som gjeld.

– Kva med hanskar?

– Det må vere opp til den enkelte, men eg meiner det ikkje er nødvendig i ein vanleg heim.

Immunforsvar

Med tida byggjer ein opp eit visst immunforsvar mot magesjukevirus, men det forhindrar ikkje at folk kan verte magesjuke igjen og igjen same sesongen. Det heng mellom anna saman med at immunforsvaret vert svekka når ein har vore sjuk.

Janne Skeide Eikrem rår til å bruke mjølkesyretablettar når ein er sjuk og i tida etterpå. Det vil hjelpe magen å bygge opp «lageret» av dei gode bakteriane og det kan vere med å forhindre at ein vert sjuk igjen.

– Immunforsvaret sit mykje i magen.

Smitte vil sjølvsagt også bli forhindra om alle følgjer 48-timarsregelen om å halde seg heime i 48 timar etter siste «tøming». Etter to døgn er ikkje verken personen eller ting dei har hatt på eller teke i smittefarleg lenger.

– God handhygiene og sunn fornuft, det er det som gjeld.

Helse. Handvask er det einaste som gjeld, og gjerne kvar sin handduk seier helsesøstrene Janne Skeide Eikrem og Elisabeth Slettestøl. Foto: Torill Myren