Ved hjelp av eit kjerringråd frå Nepal har Hallbjørn Hareid (78) heldt prostatakreften i sjakk. Kvitløk og akevitt er mellom dei viktigaste ingrediensane i saftkuren og no går den fantastiske historia som ein farsott på sosiale media, skriv lokalavisa Vikebladet.

Følg smp.no på Facebook

Droppa cellegift

– Eg trur eg er kreftfri, men eg kan likevel ikkje seier at eg er sikker. Eg har sett så mange som har sagt det, og månader etterpå har kreften eksplodert på ny, seier han til smp.no.

Hareide fekk i 2002 påvist prostatakreft. Etter fleire vellukka behandlingar med medisin, tyda målingar på at kreften var på frammarsj igjen - og han fekk råd om å starte med cellegift.

I staden starta han å følgje kjerringrådet som gjekk ut på å lage ei saft basert på deig tilsett kvitløk og akevitt.

Meir forbrukarstoff på smp.no

Verdiane sank til null

Hareide fortel at dei såkalla PSA-verdiane sank i løpet av kort tid, og var nede i null etter fire månader.

Det er snart fire år sidan.

– Eg har sagt til legen min at ikkje ti ville hestar kan få meg til å slutte med denne kuren. Sjølvsagt finst det mange legar som meiner dette berre er tull, men legen min meinte eg berre kunne helde fram, fortel Hareide.

Hareide har også fortald historia si til Profonytt,  medlemsbladet til prostatakreftforeininga, og nettstaden kreftkamp.no.

Les  meir om kuren og historia hans her (ekstern lenke)

Overlege: – Interessant

Overlege Victor Berge ved Aker-sjukehuset i Oslo som har behandla Hareide i fleire år, meiner opplevinga til den utflytta hareidsdølingen er interessant.

I ein kommentar til artikkelen i Profonytt peiker legen på at ei studie frå 2008, viser at eit stoff frå kvitløk  hadde gunstig effekt på kreftceller. Samstundes meiner han at det trengst meir forsking på å klargjere samanhengane.

Hareide meiner han har fått telefonar frå nærare 200 personar som vil vite meir om kuren og fortelje si historie.

– Folk har og kontakta meg for at vi skal tene pengar på dette, men det er eg ikkje interessert i. Men om det kan hjelpe nokon, så fortel eg gjerne, seier Hareide.