(Vikebladet.no) Det skriv klubben i ei pressemelding laurdag.

Sportssjef André Nevstad er glad for at signeringa er klar: - Vi har hatt god dialog med Markus lenge og er glade for at dette er i boks. Markus har ein svært god målstatistikk i klubbane han har vore og er ein veldig god avsluttar. Han er også ein flott type som vil bidra positivt inn i vår allereie flotte gjeng, seier Nevstad i pressemeldinga.

Naglestad spelte seinast for HamKam, men har også vore innom mellom anna Sandefjord og Fram Larvik.

- Dette blir ei spennande utfordring som eg verkeleg ser fram til. Eg gledar meg til å kome til Hødd og hjelpe klubben med å nå måla sine, seier Naglestad i pressemeldinga frå Hødd Fotball.

26-åringen scora åtte mål på ni kampar for HamKam i 2017. I 2016 scora han 26 mål på 26 kampar for Fram og det er med andre ord ein svært målfarleg spelar Hødd har skaffa seg.

I 2015 var angriparen på veg til å bli signert av MLS-klubben New York City, men ein skade sette ein stoppar for at avtalen blei noko av.

Det norske overgangsvindauget stengte i utgangspunktet onsdag denne veka, men sidan Naglestad berre hadde ei halvtårskontrakt med HamKam og denne gjekk ut etter 2017-sesongen så kunne Hødd signere spelaren etter at overgangsvindauget var stengt.

Ifølgje Hødd er angriparen for tida i USA. Han kjem etter planen til Norge måndag og skal vere med på si første Hødd-trening tysdag.

Denne saka sto først på trykk i Vikebladet.