Vålerenga spelar heimekamp mot Brann i eliteserien søndag, så då er det store spørsmålet kor sterkt Vålerenga 2 blir mot Hødd laurdag.

– Vi er usikre på kva slags lag vi møter, men vi kan ikkje bruke så mykje energi på akkurat det. Stiller dei med eit reint juniorlag, kan det vere eit veldig tent og klar lag, men vi veit ikkje noko om det, seier trenar Sindre Eid.

Skeid møter tabelljumboen

Hødd har framleis to poeng ned til Skeid på andreplass, som spelar mot tabelljumbo Vard Haugesund kl. 13. Hødd må difor truleg slå Vålerenga 2 borte for å framleis toppe avdelinga.

– Vi har sett bra ut og leverer stabilt gode prestasjonar, men utan at spelet alltid er like bra. Der har vi heilt klart noko å hente, seier Eid.

Ifølgje Hødd-trenaren er det berre Joakim Wrele som er litt usikker til kampen, men han er med ned til Oslo for å teste seg inn mot kampstart.