Hødd er usikre på kva som møter dei

Hødd må truleg slå Vålerenga 2 for å framleis toppe 2. divisjon etter denne serierunden.

Meir jubel? Hødd spelar borte mot Vålerenga laurdag, som dei slo 2–1 på heimebane i vårsesongen. arkivfoto: jarle mordal 

Fotball

Vålerenga spelar heimekamp mot Brann i eliteserien søndag, så då er det store spørsmålet kor sterkt Vålerenga 2 blir mot Hødd laurdag.

– Vi er usikre på kva slags lag vi møter, men vi kan ikkje bruke så mykje energi på akkurat det. Stiller dei med eit reint juniorlag, kan det vere eit veldig tent og klar lag, men vi veit ikkje noko om det, seier trenar Sindre Eid.


Laurdag kl. 16:

Sjå Vålerenga 2 - Hødd

Sjå dagens kamp i PostNordligaen mellom Vålerenga 2 og Hødd.

 

Skeid møter tabelljumboen

Hødd har framleis to poeng ned til Skeid på andreplass, som spelar mot tabelljumbo Vard Haugesund kl. 13. Hødd må difor truleg slå Vålerenga 2 borte for å framleis toppe avdelinga.

– Vi har sett bra ut og leverer stabilt gode prestasjonar, men utan at spelet alltid er like bra. Der har vi heilt klart noko å hente, seier Eid.

Ifølgje Hødd-trenaren er det berre Joakim Wrele som er litt usikker til kampen, men han er med ned til Oslo for å teste seg inn mot kampstart.