«Knud» stoppa flyet - Brattvåg-kampen er utsett

Fotballkamp utsett sidan fly frå Arendal blei kansellert grunna uveret «Knud».

Arkivfoto.  Foto: Vegard Vågnes

Fotball

Oppgjøret i PostNordligaen mellom Brattvåg og Arendal er flytta frå kl. 14 laurdag til same tid på sundag.

Dette fordi Arendal-spelarane ikkje kom seg nordover fredag som planlagt. Uveret «Knud» førte til at flyet deira blei innstilt.

Sunnmørsposten sender kampen direkte på sundag.

Her er oversikten over kampane du kan sjå på smp.no i helga:

Laurdag 22. september:

Kl. 13:00: Herd - Fortuna i kvinnenes 2.divisjon

Kl. 15:45: Herd - Drøbak/Frogn i Norsk Tipping-ligaen


Sundag:

Kl. 14:00: Brattvåg - Arendal i PostNordligaen

Kl. 15:30: Bryne - Hødd i PostNordligaen