Hødd-spelar til eliteklubb

Anna Nerland Aahjem bytter ut Hødd med Lyn.

Anna Nerland Aahjem forlet Hødd.  Foto: Hødd Fotball

Fotball

Dermed mister Hødd nok ein viktig spelar føre haustsesongen. Tidlegare i sommar gjekk Agate Drozdzik til divisjonskollega Fortuna.

Aahjem har scora åtte mål på ni kampar for Hødd denne sesongen. I fjor scora ho 17 mål på 18 kampar i tredje divisjon. 19-åringen har bidratt sterkt for at Hødd har eit godt forsprang til nedrykksplass i andre divisjon på noverande tidspunkt.

Spissen skal ikkje spele for Toppserie-klubben Lyn med ein gong. Ut sesongen vart ho lånt ut til Øvrevoll Hosle i første divisjon.

– Anna er ein interessant spiss vi så potensial i då ho var og trente med oss tidlegare i sommar. Ho er ein real goalgetter, og er veldig sterk, ein god kombinasjon inne i motstandaren sin boks. Vi ser at ho kan bli toppseriespelar på sikt, men eit naturleg steg på vegen frå 2. divisjon til Toppserien heiter 1. divisjon. Vi tok dermed kontakt med ØHIL, og etter nokre treningar der denne veka har alle partar funnet ut at ØHIL og Anna er god match på kort sikt. Så er den vidare planen at dette skal føre til at Lyn og Anna blir ein knallgod match på litt lengre sikt. Vi gleder oss til å følge både Anna og ØHIL utover hausten, seier hovudtrenar i Lyn, Ole Johan Aas, til klubbens heimeside.