Volda 90 minutt unna opprykk

Klokka 14 laurdag startar den viktigaste fotballkampen i Volda på mange år, når Volda møter Kristiansund BK 2 i avgjerande kvalifiseringskamp for opprykk til 3. divisjon.

Målscorarane: Fredrik Kvalsnes (t.v.) og Tobias Evebø scora måla for Volda i 2-0 sigeren mot KBK 2 sist. Men her er dei opptekne av å stoppe KBKs unge spisstalent Sander Lille-Løwø. No er Volda berre 90 minutt frå opprykket.   Foto: Rune Edøy

Fotball

Og utgangspunktet for Volda er strålande, med ein 2-0 siger å gå på frå fyrste kamp i Kristiansund. Nå skal jobben fullførast på heimebane.