– Det har vore eit krevjande økonomisk år med minus, men det toler klubben som har ein solid økonomi, seier avtroppande styreleiar Bård Dalen.

gav seg Bård Dalen gav seg som styreleiar i Hødd Fotball etter ti år i same rolla.

Torsdag var der årsmøte i fotballgruppa i Hødd. Det var ikkje eit år med berres skuffande resultat sportsleg, men heller ikkje det økonomiske gjekk så bra som ein hadde håpt. Ifølgje dagleg leiar Kari Mette Sundgot hadde dei budsjettert med eit underskot på nesten ein halv million kroner.

– Det endelege talet er ikkje klart på det noverande tidspunktet. Det er snakk om ein halv million og oppover, seier ho til Sunnmørsposten.

Sjeldan underskot

– Er det under ein million?

– Eg tør ikkje å seie noko før tala er heilt klare.

Men det er liten tvil om at det ikkje er ofte det er underskot i Hødd Fotball.

– Det er veldig sjeldan, men det er noko vi har visst om og hatt kontroll på gjennom heile året, seier Sundgot.

Årsakene til underskotet er svikt i sponsorinntektene og mindre inntekter som følgje av den svake sportslege sesongen. I tillegg er årsaka at Fredrik Aursnes-overgangen til Molde enda opp i 2015-rekneskapen, og ikkje i 2016 som dei trudde det blei.

– Det stod i avtalen med Molde at det skulle skje i 2016. Men sidan vi visste om det og avtalen var skreve under mot slutten av 2015, så seier regnskapsføreskriftene at det skal inntektsførast det året, seier Sundgot.

Haanes ny leiar

Undervegs i årsmøtet blei det også stilt spørsmål til styreleiaren frå forsamlinga om den skuffande sesongen. Fleire hadde spørsmål om kvifor det gjekk så gale denne sesongen, og ikkje minst om kva som skjedde då Hans-Erik Eriksen fekk trenarjobben i klubben. Her måtte både Dalen og sportssjef André Nevstad svare for seg.

– Eg gler meg stort til denne oppgåva. Det viktigaste no er å få på plass ein ny trenar, så kjem det mykje viktig etter det, seier Haanes.

Erika Skarbø og Harald Åsland Riise kom også inn i styret som nye styremedlemmar. Jogeir Romestrand, Per Ivar Roald og Anne Holstad er også med i styret.