Nok eit år i 2. divisjon svir på pungen før Hødd: Framfor 2018-sesongen planlegg klubben å kutte kostnadane med to til tre millionar kroner.

– Det er den brutale sanninga, seier Oddmund Davik Otterlei, dagleg leiar i Hødd.

Totalt vil 2018-budsjettet då ende på rundt 20 millionar kroner. Nedskjeringane vil gå utover både administrasjonen og støtteapparatet rundt enkelte av klubbens lag.

– Korleis er det å nesten måtte starte ein ny jobb med ein slik prosess?

– Hødd har vore open og ærleg om dette heile vegen, så det var eg på ein måte innstilt og førebudd på, seier han.

Skal ikkje gå utover satsinga

Han håper og trur nedskjeringane ikkje skal gå utover Hødds sportslege produkt.

– Det er eit klart ønskje frå styret om at satsinga rundt laga skal vere minst like god som tidlegare, seier han.

Hødd ønskjer seg naturlegvis tilbake til 1. divisjon snarast råd. Ikkje berre er det sportsleg attraktivt, men også økonomisk vil det bety mykje. I rein støtte frå marknadsavtalar sentralt vil det utgjere ein forskjell på rundt fire millionar kroner årleg.

– Det er klart at 1. divisjonsspel gir oss heilt andre føresetnadar som klubb. Det kan gi oss inntekter som kan gagne heile klubben, seier Davik Otterlei.

– Kva sportsleg ansvar meiner du at du som dagleg leiar har?

– Ansvaret mitt er å sørge for å leggje til rette for at sport skal prestere. Mitt ansvar er å sørgje for at klubben har rammer til å gjere det best mogleg, seier Davik Otterlei.

Han har trenarbakgrunn mellom anna frå Brattvåg tidlegare, men er klar på at han ikkje skal blande seg for mykje inn i det sportslege i Hødd.

– Det sportslege får André (Nevstad, sportssjef) og Sindre (Eid, hovudtrenar) ta seg av. Men eg er jo ein fotballmann, så om dei spør så vil no eg seie kva eg meiner, seier han.

Har blitt glad i klubben

Ein dryg månad har gått sidan Davik Otterlei starta i jobben som dagleg leiar i Hødd.

– Inntrykket mitt hittil er at eg først og fremst er mektig imponert over kor mykje Hødd omfatta. Eg visste at Hødd gjorde mykje, men dei driv med mykje meir enn eg var førebudd på. Det vere seg alt frå Hødd United til Hødd-skulen og kafédrift. Hødd er så ufatteleg mykje meir enn A-laget og er verkeleg ein viktig samfunnsaktør her ute, seier Davik Otterlei.

Han er blitt så imponert over alt Hødd driv med at han rett og slett er blitt skikkeleg glad i klubben allereie.

– Det at Hødd omfattar såpass mykje er berre ein styrke slik eg ser det. Det skaper engasjement som må byggjast vidare på, seier Davik Otterlei.

Vil ta vare på mennesket

Han håpar sjølvsagt at han skal vere mannen som skal stå bak at Hødd utviklar seg vidare. Han er klar på kva slags leiarstil han ønskjer å ha.

– Vi må hugse at det er menneske vi har med å gjere. Det er utruleg viktig å tenke på. Verdigrunnlaget mitt er at folk presterer best om dei har det bra. Eg håper eg blir oppfatta som ein leiar som tek vare på menneska, seier han.

Davik Otterlei trur det går an å overføre leiarstilen frå rektorjobben til det å vere dagleg leiar i Hødd.

– Eg tenkjer at mykje av denne jobben er lik det å vere rektor. Som rektor handlar det om å legge til rette for lærarar og elevar. Som dagleg leiar her handlar det om å legge til rette for trenarar og spelarar, seier Davik Otterlei.

Oddmund Davik Otterlei har funne seg til rette på kontoret sitt på Høddvoll. Her leggjast mykje av grunnlaget for at Hødd skal kunne prestere på bana i 2018. Foto: Eirik Nesset Hjelvik