Hødd må på langtur: – Reiser ikkje dit opp for å ta eitt poeng

Lørdag møter Hødd Tromsdalen på bortebane, og må dermed på langtur heilt til Tromsø. Denne veka har dei også henta Tobias Bjørnebye på lån frå Sogndal.

SKAL VINNE: Robin Shroot og Hødd reiser laurdag oppover til Tromsø med mål om å slå Tromsdalen og ta med seg alle tre poenga til Ulsteinvik. Her frå førre kamp mot Kjelsås.  Foto: Per Werkland

Hødd

Tromsdalen rykka ned frå OBOS-ligaen som soleklar tabelljumbo førre sesong, no har dei opna sesongen med to tap og ein siger på dei tre første kampane. Dei vann sin siste kamp 4–1 borte mot Florø, og varierer stort i prestasjonane. No får dei besøk av Hødd, som har ein siger, eitt tap, og ein uavgjort så langt.