Egersund var regna for å vere ein av dei som skulle kjempe i toppen, men fekk ein dårleg start, som snudde etter at dei slo Brattvåg 4–0 på bortebane. Etter det har Egersund berre tapt ein av dei ni siste kampane. Dei har tatt steget opp på tredjeplass på tabellen.

– Eg er ikkje overraska over at dei har gjort det så bra, så vi må spele ein god kamp for å ta poeng der, seier Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft.

Sjå kampen direkte laurdag kl. 17:00: Egersund - Brattvåg

Har seks poeng ned

Han som kan sjå tilbake på ei fin rekke med fire strake sigrar, som gjer at Brattvåg er seks poeng over nedrykksstreken.

– Eg trur vi kjem til å sikre plassen i divisjonen om vi tek 30 poeng. Vi har 22 poeng no og ti kampar å gjere det på. Vi har vore gode i dei siste kampane, seier Fjørtoft, som har måtte klare seg utan sentrale spelarar dei siste kampane.

Må klare seg utan to

Til kampen mot Egersund må Fjørtoft klare seg utan Joakim Barstad og Hugues Wembangomo.

Torbjørn Grytten meiner årsaka til at dei har vunne fire på rad, er at lagkjensla står sterkare no enn tidlegare.

– Det har vore nokre lagsigrar der samarbeidet mellom oss har vore godt. Kvar einskild har teke meir ansvar, medan det tidlegare var litt meir syting. No gir vi positive tilbakemeldingar og er på riktig veg når vi har starta å vinne heimekampar igjen, seier Grytten, som meiner Brattvåg også har hatt litt flyt.

Tapte 4–0 heime

– Det som tidlegare gjekk mot oss, har gått meir med oss i den perioden vi er inne i no. Det er kjekt å høyre at folk synast vi spelar god fotball også, seier Brattvåg-spissen.

Han meiner laget har litt å hemne etter 4-0-tapet heime mot Egersund.