Jacob Olai Giske var ein av dei nasjonale vinnarane i «Prosjekt Fantasi» som blei kåra tidlegare i år. No har oppfinningane blitt bygd og sett saman til ei utstilling. 9. august blir utstillinga opna på Vilviten-senteret i Bergen, men installasjonen skal besøke fleire vitensenter i Norge: Oslo Vitensenter/Teknisk Museum, Vitensenteret i Trondheim, Nordnorsk Vitensenter og Vitenfabrikken/Jærmuseet.

Tenkte på ei ku

Giskes oppfinning «Prompinatoren» gjer metangass om til elektrisk straum. Han fortel at ideen kom av at han tenkte på ei ku.

– Eg gler meg til å sjå korleis resultatet blir, seier han til Sunnmørsposten.

At oppfinninga hans skal reise rundt til fleire vitensenter, tykkjer han er kult.

Giske som skal begynne i sjuande klasse til hausten, seier at kåringa var ei overrasking.

– Det var gøy fordi eg vant. Eg trudde ikkje eg kom til å vinne, fortel han.

Giske seier han er interessert i realfag, og at han vurderar å fortsette med oppfinningar.

Konsulent Lina Aas-Eng i reklamebyrået Try tykkjer ideen til Giske var morosam.

– Det er lett å tenke at det er tull og fjas, men det er ein reell tanke å følge opp. Det er ein utruleg idé, det å ta tak i noko av det som er mykje blant oss og bruke det til noko konstruktivt, seier ho.

Vann nasjonal pris med «prompinator» Det var høgt nivå blant bidraga til «Prosjekt fantasi» frå elevane ved Valderøy barneskule.

Fekk inn 2400 idear

«Prosjekt Fantasi» er utvikla i samarbeid med Try, Statoil og fem regionale vitensenter. Det er første gong prosjektet er gjennomført. Dei fekk inn 2400 idear, og elleve bidrag har blitt valt ut til nasjonale vinnarar.

– Vi har hatt ein tøff jobb med å velje ut dei elleve vi til slutt står igjen med. Vi gler oss til at barna ser oppfinningane sine. Det er neste generasjon som skal finne svara på utfordringane verda står ovanfor. Barna er så engasjert og fantasifulle, men også seriøse, seier Aas-Eng.

Ho trekk fram kor viktig det er å skape engasjement for realfag.

– Realfag er eit viktig fag for framtida. Blant vinnarane er det eit overtal av jenter. Det er gøy, sidan det er bra å rekruttere jenter til realfag, fortel Aas-Eng.