19 prosent er imot, medan 11 prosent ikkje har teke klårt standpunkt for eller imot. Det er fleire tilhengarar av kommunesamanslåing hos menn, enn hos kvinnene.

Spørjeundersøkinga vart gjort på telefon i Ulstein i førre veke. I alt 500 personar vart utvalde til å delta i undersøkinga.

Resultatet frå spørjeundersøkinga i Ulstein står i sterk kontrast til resultatet frå folkerøystinga i nabokommunen Hareid sist måndag. Her sa 60 prosent at dei var imot samanslåing med Ulstein.

Kommunestyra i dei to kommunane på Hareidlandet skal no fatte endeleg vedtak i saka om kommunereform.