Lovar fortgang for fv. 60

– Det er brukt over ein milliard på ny veg frå Stranda til Hellesylt. Vi kan ikkje la vegen vidare sørover ende ut i eit einaste stort telehiv.

Fylkesveg 60 gjennom Hornindal er smal, svingete og har mange stader dårlege kantar. Det har fleire trafikantar fått oppleve. Dette biletet er frå Gausemel.   Foto: ARKIVFOTO: ANNE-MARI TOMASGARD

Vegen er i dag ein pest og ei plage

Jon Aasen
Fra papir

Det seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal, og slår fast at når Hornindal blir ein del av Møre og Romsdal gjennom ei kommunesamanslåing med Volda, så må noko gjerast med fylkesveg 60 gjennom Hornindal.

– Ja, for eg reknar ikkje med at Volda blir ein del av Sogn og Fjordane, legg han kjapt til.

- Har ofte vore tema

Aasen seier at den dårlege vegen i Hornindal har fleire gonger vore tema på fylkesting i Møre og Romsdal. For dette er ein viktig veg for næringslivet i området.

Han tenkjer på store vogntog med pizza, møblar, fisk og kjøtvare som skal ut frå Stranda og Sykkylven til marknader i inn- og utland.

– I dag er det fleire av dei som i staden vel køyre Romsdalen, fordi vegen gjennom Hornindal er for dårleg, seier Aasen.

Gjer som meir enn 29.000 andre - følg smp.no på Facebook

– Har Møre og Romsdal pengar til ny veg gjennom Hornindal? – Ja, dette må vi berre få til. Det er snakk om realpolitikk. Vi har ikkje råd til å la vere. Vegen er i dag ein pest og ei plage.

Dette er som musikk i øyra til Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H):

– Dette er gledeleg, og ein av grunnane til at eg gjekk inn for samanslåing med Volda. I fleire tiår har det vore kamp for denne vegstrekninga, utan å få støtte frå dei lenger sør i Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

Han fortel at Hornindal kommune allereie har vald trasé. Det er snakk om ei 14 kilometer lang strekning frå Tomasgard til Røyrhus bru.

Volda-engasjement

Etter at det vart klart at Volda og Hornindal skulle gå i lag, har Volda-ordførar Jørgen Amdam (AP) også engasjert seg for ny veg gjennom Hornindal:

– Vegen minner meg om dei vi hadde her på Sunnmøre på 50-talet, seier Amdam, som både har vore i kontakt med Jon Aasen og Statens vegvesen for å tale fylkesveg 60 si sak.

– I tillegg til at dette er ein viktig veg for næringslivet, så er den også viktig for Volda sjukehus, Høgskulen i Volda, og for Ørsta/Volda lufthamn, meiner Amdam.

Få reiser meir enn Jon Aasen rundt i Møre og Romsdal. Han kjenner difor fylkesveg 60 godt:

– Når vi overtek denne vegen, blir dette den dårlegaste vegen i fylket. Det må vi endre på.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir