Men det var berre fiska 90 sjøaurar, på til saman 139 kilo, og dette får laksefiskarar til å reagere. På ei facebookside for laksefiskarar vert det tatt til orde for tiltak: «Vi passerte akkurat 500 laks og total vekt bikka akkurat 2000 kg, det skulle vel gi eit snitt på ganske nøyaktig 4 kg. Mykje verre er situasjonen for sjøauren, 90 fisk med total vekt på under 140 kg. Dette er faktisk berre ein aure pr dag i snitt, så her må tiltak til for å berge stamma», står det på facebooksida med namnet Eidselva. Elva på Nordfjordeid har vore kjent som ei god sjøaureelv. Også i andre elvar på Sunnmøre og i Nordfjord har sjøaurefisket gått tilbake dei siste åra.