– Vanskelegare å vere foreldre

Fleire årsaker til auke i omsorgsovertaking.
Fra papir

Meir rusproblematikk, psykiske lidingar, barnefattigdom og umodne foreldre. Dette er viktige grunnar til at talet på omsorgsovertakingar i Norge aukar, meiner Anne Mari Verpe og Hallgerd Conradi.

Dei utdannar barnevernspedagogar og sosionomar i Volda.

Sunnmørsposten fortalde i går at barnevernet berre her i fylket tok 75 barn frå foreldra i 2010. Dette var ein auke på heile førti prosent på eitt år.

Rus

– Årsakene er komplekse, seier dei to, som også sjølve har arbeidd innan barnevernstenesta.

– Men rus og auka toleranse for rus i nærleiken av barn er ein viktig faktor, seier Conradi.

– I samfunnet i dag er det generelt større aksept for rusbruk enn tidlegare. Dette kostar samfunnet store summar årleg, og det er noko alle bør vere obs på, seier ho.

– Denne liberale haldninga til rus kan også verte eit generasjonsfenomen, sidan foreldra er barna sine rollemodellar, supplerer Verpe. Psykisk liding og personlegdomsforstyrringar er ein annan betydeleg faktor.

– Fleire slike saker enn før vert fanga opp av barnevernet, som har fleire tilsette og større ressursar enn tidlegare, seier Varpe. Barnefattigdom og mange umodne foreldre tel også inn.

– Og dette er faktorar som gjer seg sterkare gjeldande enn til dømes for tretti år sidan. I det heile tatt er det større krav til det å vere foreldre no, og fleire manglar nettverk. Samfunnsutviklinga har gjort det vanskelegare å vere foreldre.

Fortvilinga

Begge har følgd med i saka om det unge paret som vart fråtekne babyen like etter fødsel.

– Søkjelys på slike forhold er bra, og det er lett å leve seg inn i fortvilinga til familien. Men det er viktig at folk ikkje vert redde for barnevernet.

– Faktum er at tvangssakene er i mindretal. Foreldra sjølve er dei som hyppigast kontaktar barnevernet for å få hjelp, seier dei to.

Økonomi

– Er det billegare for samfunnet å sende barna i fosterheim enn å setje inn barnevernsressursar i heimen?

– Nei, tvert imot. Omsorgsovertaking og plassering i fosterheim er den desidert dyraste løysinga, seier dei.

Små forhold

– Kan fagmiljøa verte for små i dei minste kommunane?

– Det kan vere fordelar med interkommunalt samarbeid. Slik unngår ein for stor nærheit til sakene. Men sjølv i dei minste kommunane er det ikkje slik at ein sakshandsamar åleine står bak eit vedtak. Det skjer i samråd med andre instansar, som helsesyster og andre, seier Varpe.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir