Galleri Taklo opnar på Sæbø

Hundre liter kvitmåling har Nils Taklo brukt i den gamle kommunestyresalen på Sæbø. Frå laurdag av viser den tidlegare Ørsta-ordføraren sine fargerike måleri på dei nymåla veggene.
Fra papir

– Eg vil synleggjere bilda mine. Difor opnar eg dette galleriet, seier Nils Taklo. I over 30 år har han hatt atelier i kjellaren i bustaden sin på Sæbø.

– Problemet var at bilda stod stabla tett i tett, slik at folk ikkje fekk sett dei skikkeleg. I desse lokala får eg vist fram bilda på skikkeleg vis, seier han. Kunstsenter. Taklo har inngått ein tre års avtale med høve til forlenging med Ørsta kommune om leige av tre rom i den gamle trebygningen på Sæbø kai.

Romma i andre høgda har tidlegare blitt brukt både som kommunestyresal og bibliotek i bygda. No held ein trearbeidar, Hjørundfjord Sogelag, Røde Kors og speidarane i bygda til i bygningen.

– Eg håper at dei som held til her opnar dørene sine slik at huset kan bli eit allsidig kunstsenter for Hjørundfjord. Denne bygningen er sentralt plassert i bygda, og eignar seg godt som kunstsenter.

Fargane viktigast

– No opnar eg kunstgalleri, og dermed gjer eg mitt for å få det til, seier Nils Taklo. Lys og fargar. I alt 44 oljemåleri på lerret er plasserte i dei tre galleriromma. Motiv av sunnmørsfjell, båtar, naust og kystnatur frå heimtraktene hans i Herøy, og blomar er forma i ein forenkla figurativ strek.

– Det er ikkje motiva som er det viktigaste for meg, men fargevalet. Eg prøver å få fram eit optimistisk lys i bilda mine, fortel Taklo som brukar sterke farga og gjerne målar rosa fjell og gule båtar, i staden for bruke «naturlege fargar» i bilda sine.

– Fargane viser korleis eg opplever naturen rundt meg. Eg kan måle Slogen og Saudehornet gong etter gong med ulike fargar. Fjella er dei same, men fargane gjer at bilde ser heilt annleis ut, meiner han.

Null politikk

– Du har vore Sp-politikar i alle år. Har du noko politisk bodskap i bilda dine?

Nei, det finst ikkje. Sånn sett kan alle parti like bilda mine, ler den tidlegare Ørsta-ordføraren.

Noverande Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol skal stå for opninga av Galleri Taklo på laurdag.

– Ettersom galleriet er i den gamle kommunestyresalen, og eg har vore ordførar, synest eg det er heilt naturleg at Ørsta-ordføraren opnar galleriet, seier kunstnaren om den saka. Som yrkesaktiv avslutta Nils Taklo alltid lange dagar med politiske møte, med pensel og fargar i kjellaren heime. Etter at han vart pensjonist i 2003 har han brukt meir og meir tid til å måle.

– Eg målar stort sett heile tida, og kjem difor til å skifte ut bilda på veggene, seier Nils Taklo som har flytta kunsten sin inn i den gamle kommunestyresalen på Sæbø.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir