Leiar torsdag 24. august 2013:

Må ta omsyn til legar sitt samvit

Vi bør klare å leve med at også fastlegar kan reservere seg i abortsaker– Vi bør klare å leve med at også fastlegar kan reservere seg i abortsaker

Fra papir

Normalt er det eit større problem når menneskja manglar samvit enn at samvitet held dei attende frå å utføre handlingar. Slik er det også for legar.

Legane sin reservasjonsrett i samband med abortinngrep skapar på ny sterk debatt. Igjen gjeld det fastlegane sin rett til å reservere seg mot å gi råd til abortsøkjande kvinner eller å tilvise dei vidare til abortinngrep. Debatten har blussa opp att etter at KrF fekk inn ein slik reservasjonsrett i avtalen med regjeringspartia.Dette har fått SV til å fremje eit eige lovforslag som slår fast at fastlegar skal ha plikt til å vise abortsøkjande kvinner vidare til sjukehus. Lovframlegget kjem truleg ikkje til å få fleirtal, mellom anna fordi Høgre vil binde sine representantar til å stemme imot.

Reservasjonsretten er eit vanskeleg etisk spørsmål. På den eine sida står omsynet til pasienten sine interesser og integritet. På den andre sida står legen sin rett til å følgje si eiga tru eller samvit.

Der desse interessene kryssar kvarandre, må det vere slik at omsynet til pasienten er det grunnleggjande. Det treng likevel ikkje å bety at legane må handle mot eiga overtyding.Legar i Norge og ei rekkje andre land har juridisk rett til å reservere seg mot å utføre eller å assistere ved abort. Denne reservasjonsretten har vi klart å leve med sidan 1975, slik vi klarer å leve med at fleire andre yrkesgrupper har reservasjonsrett. På same måten bør vi klare å leve med at også fastlegar kan reservere seg i abortsaker.

Alternativet kan bli å gi legar yrkesforbod og presse dei ut av fastlegelistene på grunn av samvitsgrunnar. Det er sterkt tvilsamt frå eit menneskerettssynspunkt. Det er også ei sterk overdimensjonering av eit marginalt problem så lenge dette gjeld nokre få legar.

Om fastlegelista opplyser om kven desse er, kan den gravide søkje konsultasjon hos andre legar. Eventuelt kan fastlegen ha avtale med ein annan lege om å ta over pasientar i slike saker. Slik kan ein unngå at kvinner vert krenka eller føler dei misser ein juridisk rett til hjelp.Tilsvarande vil det heller ikkje vere eit gode for ei kvinne som vurderer abort å kome til ein lege som er tvinga til å gi råd i slike saker mot sitt eige samvit. Tvert imot vil det auke faren for at kvinner sin rett til helsehjelp i ein slik situasjon vert krenka.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fra papir