BYGDA SOM GAV HARAM NAMNET

STORHAVET RETT INN: Trass i at Haramsgrenda har Storholmen, Shetland og Færøyane som næraste naboar er ho som skapt for landbruk.

STORHAVET RETT INN: Trass i at Haramsgrenda har Storholmen, Shetland og Færøyane som næraste naboar er ho som skapt for landbruk.

De fem kommunene Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy skal slå seg sammen.

Nye Ålesund kommune ser dagens lys 1. januar 2020, og får mer enn 60.000 innbyggere.

Bli med på oppdagelsesferd i kommunene som snart skal bli til en.

SATSAR PÅ HØNER

TRAVELT: Det byrjar haste for kameratane Andreas og Erling – båe med Haram til etternamn. Om kort tid skal dette nye anlegget deira ta mot 7500 høner. – Vi har ikkje noko val i landbruket: Anten satsar du eller så går det gale vegen. Det er eitt av to, seier ungdomane. Tredjemann, Anders Kjelstad Rogne, har gyldig fråvær. Han er på Åse for å ta mot sin førstefødde når vi fotograferer.

TRAVELT: Det byrjar haste for kameratane Andreas og Erling – båe med Haram til etternamn. Om kort tid skal dette nye anlegget deira ta mot 7500 høner. – Vi har ikkje noko val i landbruket: Anten satsar du eller så går det gale vegen. Det er eitt av to, seier ungdomane. Tredjemann, Anders Kjelstad Rogne, har gyldig fråvær. Han er på Åse for å ta mot sin førstefødde når vi fotograferer.

«Gullet» dei får fram er mykje meir verd enn skatten storbyen stakk av med. Like fullt kjenner somme på ei viss utkantfrykt no.

Det hende i dei dagar folket i Arnfinn-garden skulle grave ned septiktank. Året var 1968 og brått byrja det glime i viking-gull. Boklærde frå Bergen dukka opp og forsvann mest like kvikt att. Sia har ingen sett snurten av oldsakene. Dei ligg venteleg på eit museumsmagasin i ei eller anna tyskebrygge.

Grenda sørvest på Haramsøya gav namn til kommunen som snart er historie, den også. Her har molda all dag vore svart og særs veleigna til matauk.

– Denne bygda leverer åleine innpå halvparten av all drikkemjølk folket i noverande Ålesund treng for året, fortel Rune Haram i Sørengarden.

Mjølka er i verdsklasse. I denne kommunen sitt landbruksmiljø finst det veterinær- og ernæringskompetanse på spissaste doktorgradsnivå.

Dei trottige moldtrælane på Nordøyane treng ikkje rette så mykje på ryggen i møte med det som kjem. For distriktet har visst eitt og hitt å melde i «nye» Ålesund.

Men øyfolket er likevel spent på kva den nære framtida vil bringe.

Bak ryggen til Rune står rikeleg med «seintveksande» kjøt på bås. Dette hamnar helst i restaurantane, så eksklusivt som det er.

Bak nokre andre sluser og dører kaklar hønene.

Ein liten trykkjerunde på reknemaskinen kjem opp med 400 tonn egg årleg. Nok til to tredeler av «gamle» Ålesund. Og meir Sunnmørsegg skal det bli.

Rune sin son Erling (26) arbeidde nokre år som CNC-operatør i ei mekanisk verksemd. No har han gått i lag med kameratane Anders Kjelstad Rogne (26) og Andreas Haram (31): Reisverk og vegger til eit nytt hønsehus er alt oppe. Med tak og resten ferdig, er det berre å sleppe innpå dei 7500 fuglane.

– De er unge og satsar friskt?

– Det er kan hende difor vi torer satse, seier Andreas og flirer.

Han var bilmekanikar, men har drive Framgarden litt av og på sia 2010.

– Trenden er tydeleg. Fleire og fleire vert opptekne av å vite kvar maten kjem frå.
Andreas Haram og Erling Haram

No trappar gjengen alvorleg opp med Fjellvegen Gard DA. «Delt ansvar» har vore vanlegaste selskapsforma til no i landbruket. Dei har leveringsavtale med Nortura, som brukviset er.

Erling pjaskar dessutan på med diverse leigekøyring og ymist anna. Som brukviset ofte er ute i havgapet. Det trengst: Haram kommune har sju prosent dyrkajord, mot snittet på berre tre prosent elles i landet. Godt over det doble, altså. Mykje godt arbeid.

– Vi kan gjere dette fordi det trengst meir Sunnmørsegg. Etterspurnaden stig, fortel karane.

– Ja, det ser lyst ut. Dette skal gå greitt. Vi søv godt, legg Andreas og Erling til. Sju millionar legg dei i skåla no.

Alle tre er småbarnsfedre. Sistemann Anders har nett teke mot sin førstefødde og er av garde på fødestova når vi er på synfaring i det nye hønseriet. Så her ynglar det på alle kantar.

– 8. juni må anlegget stå klart. Vi har ikkje mykje å gå på, for den 12. kjem hønene, seier Erling.

Godt å få dette store spørsmålet endeleg avklara: Høna kjem altså før egget!

7500 fuglar vil verpe noko slikt som 40-50.000 egg i veka.

– Trenden er tydeleg. Fleire og fleire vert opptekne av å vite kvar maten kjem frå, seier karane.

Dei veit naturlegvis kvar dei sjølve kjem frå, men mindre om det komande kommunelivet.

– Eg trur ikkje innsparingane vil bli så store med tanke på alt som må leggast om og samordnast. Er det verd det? spør Andreas seg.

– Fryktar de å bli ein utkant av utkanten i stor-Ålesund?

– Det viktigaste er at det satsast her. Skal det kunne bu folk på øyane våre, MÅ det vere arbeidsplassar lokalt. Vi har nok større forventingar til Nordøyvegen enn til den nye storkommunen i så måte, medgjev Erling og Andreas.

– Så får vi heller byrje å låse dørene, legg ungdomane til.

– Vi har ikkje noko val i landbruket: Anten satsar du, eller så går det gale vegen. Men vi kjenner fleire som har kome heim, bygd hus og satsa. Endå fleire har lyst, men er ikkje klare riktig enno. Det er rart med det: For somme er det lengre til Rogne enn til Vatneeidet, filosoferer karane.

VEKSTNÆRING: Berre i løpet av dei fire fyrste månadane i år har Rune Haram i Sunnmørsmat opplevd 25 prosent pluss i omsetnaden.

PRODUKTIVE: Hønene i Sørengarden gjer gagns arbeid. I lag med fuglane i Nilsgarden på Skår ved Helland i Haram og Klokkargarden i Hareid leverer dei Sunnmørsegg i haug og dunge.

ØYFOLKET

MILJØ: Motorklubben Seaside Custom er ei suksesshistorie frå ende til annan. No får dei endeleg byrje å mekke att etter å ha bygt paradiset sitt på Rogne, noko f.v. Trond Ravnestad, Nils Idar Rogne, Harald Otterlei, Knut Otterlei, Lars Otterlei og Rune Kvam gler seg stort til, her under Trond si boble.

MILJØ: Motorklubben Seaside Custom er ei suksesshistorie frå ende til annan. No får dei endeleg byrje å mekke att etter å ha bygt paradiset sitt på Rogne, noko f.v. Trond Ravnestad, Nils Idar Rogne, Harald Otterlei, Knut Otterlei, Lars Otterlei og Rune Kvam gler seg stort til, her under Trond si boble.

På det dugnadsbygde anlegget til motorklubben Seaside Custom ved Rogne på Flemsøya finn vi ein slik nyss heimflytta ungdom midt i mekkegjengen.

– Vi kom i 2013. Då hadde eg budd vekke nokre år. Sambuaren min er frå Stavanger. Her i førre veke fekk ho seg jobb som frisør på Austnes i staden for Ålesund, fortel Rune.

– Sjølv steller han med klippfisk hjå Karsten Flem AS på Longva.

– Vi er då glade i øya vår. Dessutan er det vel snart fullt i byen. Finst vel grenser for kor mange som kan dra dit, fleipar karane.

– Men det er nok mykje lenger frå byen ut på øyane enn andre vegen. Øyfolk er vande med å ta ferje. Fotballag frå byen er derimot nokså snare til å sutre. Dei vil helst ikkje, og må hentast på kaia. Skulle tatt seg ut om vi bad byfolket om å bli plukka opp på Skjelten.

Ei ny latterkule rungar under hall-taket. Men bak det muntre kviler det nok litt alvor òg:

– Vi fryktar vel å bli nedprioriterte. At midlane vert brukt nærare sentrum i storkommunen.

Både skular og anna kan ryke i sentralisering. Vi miste jo sjukeheimen i takt med synkande folketal. Trøysta får vere at det vert lettare å bli gamal på Vatneeidet straks vi får vegen.

Det er verre med ferja. Viss ho i det heile tatt gjeng. Når det er sagt, er vi veldig spente på busstilbodet. Særleg eldre som ikkje køyrer sjølve, vert avhengig av tenlege ruter, peikar Seaside-karane på.

– No er det svært dårleg korrespondanse. Det er ikkje mange dagane sia det vart ståande att ein flokk skuleungar. Bussen kunne ikkje vente lenger på ei sein ferje.

RESTAURERING: Trond Ravnestad t.v. og Harald Otterlei ved sistnemnde sitt restaureringsobjekt, ein Rover 3500, SD-1, fotografert i motorklubben Seaside Custom sin mekkehall.

GLIS: Nils Idar Rogne sin Pontiac Bonneville.

MOTORKLUBB: Nokre av medlemene i motorklubben Seaside Custom samla til rundebordskonferanse med Sunnmørsposten: F.v. Lars Otterlei, Harald Otterlei, Nils Idar Rogne, Knut Otterlei, Rune Kvam og Trond Ravnestad.

SPESIELT: Frå kjøkkenet i motorklubben Seaside Custom sitt nye lokale. Motorlokket frå ei folkevogn er omgjort til ventilatorhatt over komfyren

Fjørtofta.

Fjørtofta.

NORDØYVEGEN

TIL HIMMELS: Steinhaugen ved innslaget til Nordøyvegen på Austnes er like høg som kyrkjespiret. Også på dei andre øyane ligg det store mengder masse på vent. Mykje stein skal flyttast mot Skjelten og Lepsøya ved hjelp av lekter. Vegvesenet finreknar i desse dagar på entreprenørane sine tilbod.

TIL HIMMELS: Steinhaugen ved innslaget til Nordøyvegen på Austnes er like høg som kyrkjespiret. Også på dei andre øyane ligg det store mengder masse på vent. Mykje stein skal flyttast mot Skjelten og Lepsøya ved hjelp av lekter. Vegvesenet finreknar i desse dagar på entreprenørane sine tilbod.

Motorvenene fryktar såleis at utkanten deira kan verte endå meir utkant i nye Ålesund. Men Nordøyvegen har òg potensial til å styrke øyane, isolert sett.

– Mykje handlar om arbeidsplassar, sjølv om sambandet gjer det lettare å jobbpendle. Men det vert truleg ikkje lettare å drive næring og handel på øyane etter sambandet kjem. Vil vi halde på tilbod her ute, må vi bruke dei. Så pass patriotiske pliktar vi å vere.

– Endring vert det, så mykje er sikkert. Vi trur og håpar det kan bli eit større samfunn på vår side av bommen. Meir sosial omgang og større samarbeid.

Øyfolket i Haram forstår ikkje stort av folkerøystinga som var. Like etter vart resultatet overstyrt av politikarane. No er strukturen blitt så svær at karane meiner det ikkje er råd å stå utanfor.

Prosessen rundt samanslåinga er ikkje nett eigna til å imponere dei.

– Men vi får vel helst tru det blir greitt i storkommunen. At det går seg til. Det må jo det?

Johan Longvanes er ein av dei som freistar drive næring. Han tok over byggjevareverksemda N.L. Austnes nokre år attende.

– Kven som handlar her? Dei som ikkje gidd kroke på hengaren og køyre til Breivika, svarar butikkeigaren høveleg lakonisk, før han fortel at mange verkar å vere lojale mot sine lokale handelsfolk.

– Sonen min sa det slik: Dette var ei avgjerd du tok nitti prosent med hjartet og ti prosent med haudet. Firmaet var på veg til å gå inn. Eg tykte det ville vere altfor gale om øyfolket ikkje skulle ha trelasten i nærmiljøet sitt, utdjupar Longvanes.

Han har bakgrunn i bank og diverse anna næringsverksemd på Sunnmøre. Johan sat endåtil i det fyrste styret til Nordøyvegen.

– Den vil bli ei velsigning for dei komande slektene straks vi vert frie frå bommen.

Sambandet er føresetnaden både for buande forhold og rammevilkåra elles. For det krevst eit minimum av volum og kraft skal du halde eit samfunn oppe, minner Longvanes om.

Desse to nordøyane opplevde eit monaleg oppsving då brua over Ullasundet kom. Korkje Fjørtofta eller Lepsøya fekk del i denne oppturen.

– Eg håper inderleg vi vil makte å halde på det kulturelle miljøet her ute. Det er eitt av dei mest berande elementa vi har.

ØYASPESIAL: Du må eit stykke unna St. Olavs plass for å finne skilt som dette. Det gjelde å vere vaken når bilen skal plasserast riktig på ferjedekket.

PATRIOT: – Eg er fødd på Longva og eg vil døy der, lyder Johan Longvanes sitt mantra. I mellomtida held han liv i byggjevareverksemda N.L. Austnes på Haramsøya.

DEN SMALE STI: Dette er dei inderleg vel vande med, alle som køyrer bil på Nordøyane. Også frå Longva utover mot Rogne og Nogva på Flemsøya gjeld det å ikkje ta for mykje plass etter vegen.

Lepsøya i forgrunnen med Haramsøya, Flemsøya bak. Fastlandet oppe t.h.

Lepsøya i forgrunnen med Haramsøya, Flemsøya bak. Fastlandet oppe t.h.

IDRETT OG KULTUR

BLANDA KJENSLER: HaNo sitt J10-lag framstår noko splitta i synet på Nye Ålesund: «Fantastisk!». «Teit!». Frå venstre Linnea Ara Søvik, Hanna Rojin Aksnes, Emma Lausund Klokk, Celine Fjørtoft, Johanne Farstad Rogne, Lone Otterlei Austnes, Ingrid Flem, Hedda Ulla Otterlei og Frøya Søvik Rønning. Det skulle ha vore med nokre frå Lepsøya også, dersom påhengsmotoren hadde starta. Stine Sunde Fjørtoft er lagleiar og Christian Rønning oppmann.

BLANDA KJENSLER: HaNo sitt J10-lag framstår noko splitta i synet på Nye Ålesund: «Fantastisk!». «Teit!». Frå venstre Linnea Ara Søvik, Hanna Rojin Aksnes, Emma Lausund Klokk, Celine Fjørtoft, Johanne Farstad Rogne, Lone Otterlei Austnes, Ingrid Flem, Hedda Ulla Otterlei og Frøya Søvik Rønning. Det skulle ha vore med nokre frå Lepsøya også, dersom påhengsmotoren hadde starta. Stine Sunde Fjørtoft er lagleiar og Christian Rønning oppmann.

Det kan bli meir urbanisering når vi kjem «nærare» byen. Men eg er verkeleg imponert over gløden og engasjementet, anten det no er innan idretten, teater, ungdomslag eller musikklivet.

Ein ting er i alle høve sikkert: Dei unge som blir ein del av dette, er steikheldige: Dei får med seg ein uvurderleg ballast, legg Johan Longvanes til.

Trelasthandlaren har ikkje vore så flink å selje ferdighus, men registrerer nybygging og visse generasjonsskifte på øyane sine.

– Heile framtida vår kviler på om vi klarer skaffe fleire arbeidsplassar. Om veksten både i næring og bustadbygging kjem frå dag ein med Nordøyvegen er eg nok meir usikker på. Men vi ser då allereie klare teikn på større optimisme.

Som over snittet samferdsle-engasjert kan ikkje Johan Longvanes fatte kvifor Hamnsund-sambandet ikkje vart med i same pakken.

Skal ein kunne hente ut gevinstar i region-samanslåing, må kommunikasjonane vere tidhøvelege. Det vert liksom ikkje den heilt store susen over stor-Ålesund før alt slikt er på plass. Først då vert regionen rett velfungerande, meiner han.

– Enn dei reint politiske sidene ved storkommunen då?

– Når du kjem ned på lokalplanet er diverre rammene allereie så sentraldirigerte at det ikkje vert mykje att å drive politikk for. Det er i alle høve den kjensla som oftast sig inn hjå meg.

Det suverent viktigaste heretter bør vere å syte for at dei oppveksande slektene kan dyrke fram og halde på entusiasme, entreprenørskap, skaparkraft og vilje, helsar veteranen – no garantert med hundre prosent hjarte innkopla i vurderinga.

KLING NO KLOKKA: Småbåtlaget sitt festlokale i øvste høgda av sjøhuset på Austnes er koseleg innreidd mellom anna til maritimt minne om gamle «Borgøy».

Brattvåg i forgrunnen med Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya og Fjørtofta bak.

Brattvåg i forgrunnen med Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya og Fjørtofta bak.

INGEN VEG UTANOM

KLARE: – Det er ikkje nokon veg utanom storkommune slik det har blitt, seier butikksjef Janne Flem på Longva (t.h.). Her i lag med kollegaen Trude Flem. – Trur du det vert så gale å kome i lag med oss då, skrattar damene.

KLARE: – Det er ikkje nokon veg utanom storkommune slik det har blitt, seier butikksjef Janne Flem på Longva (t.h.). Her i lag med kollegaen Trude Flem. – Trur du det vert så gale å kome i lag med oss då, skrattar damene.

Butikksjef Janne Flem ryddar bakrommet i samvirkelaget på Longva når vi stikk hovuda inn.

– Eg synst det er fritt og fint å vekse opp hjå oss. Somme trur vi er frykteleg nysgjerrige, men sanninga er at folk bryr seg og tek vare på kvarandre, seier Janne.

Vi får stadfesta ryktet at festen som gjekk tom for blandevatn fekk Janne til å opne buda og berge framhaldet.

– Ja, vi er vel av gamletypen på den måten. Kjem einkvan i knipe, skaffar vi dét. Her på øyane held vi i hop. Vi er glade i jobben vår og prøver så godt vi kan å gjere folk fornøgde. Trur du det vert så gale for Ålesund å kome i lag med oss, då?

Janne flirer godt. Ho meiner det ikkje er nokon veg utanom storkommune slik det har blitt.

– Før hadde kvar grend sitt samlingshus. I dag samarbeider alle.

Kjem einkvan i knipe, skaffar vi dét. Her på øyane held vi i hop.
Janne Flem

Ved kappsaga i hamna til småbåtlaget på Haramsøy måler Harald Tomren ut fjøler til forskaling. Den nyss pensjonerte bygningsmannen nyttar fineveret til å trygge fundamentet, så å seie.

Den svære, raude sjøbua inneheld både sanitæranlegg, fleire samlingslokale og ein staseleg lokalhistorisk opp-ankra bar. Ikkje rart at både sjøfarande og bubilfolk har blitt glade i staden.

– Eg trur vel eigentleg ikkje at det vert særleg forskjell i nye Ålesund. Høvet til påverknad er opp til oss og kven vi klarer sende til kommunestyret. Dugande representantar som kan tale øyane si sak. Men mange her ute har no eit godt forhold til byen allereie.

– Enn Brattvåg?

– Eg har arbeidd mange år der og erfart dette frå fleire sider. Slik eg ser det, har alle i Haram fått sitt, seier Tomren.

– Når det kjem til vegen, vel eg å vere nøktern. Det er ikkje sikkert vi får oppleve same effekten som Valderøya, med stor vekst og tilflytting.

Eg er også skeptisk til alt som kan skje med oppkjøp av verksemder, seier han. Heile Haram er på tå hev no, med eit sal av Rolls-Royce rundt hjørnet.

På båtplass nummer 1 ligg Harald Tomren sitt nydelege møbel av ein sjark klar for småsjøen.

– Eg har alltid hatt trebåt, eg, sjølv om mange har byrja å sjå rart på meg!

Fjordane ved desse to Nordøyane er fiske- og krabberike. Nord av Austnes er djupna seksti meter. Her skaffar Harald seg lett kokfisk nok til å fylle frysaren for eit år.

I hamna ligg det flest reine bruksbåtar. Turbåtane er nesten vekke. Øyfolket vil på fjorden og inn att i ei fart og kjøper skyss etter dét.

– Vi har det godt på Haramsøya, sjølv om behovet for å sjå noko anna alltid er til stades. Men eg set stor pris på fridomen. Det er ein annan puls og kan hende mindre stress her hjå oss, seier Tomren og snurrar saga i sving att.

– Ja, vi lyt no prøve å stå på.

TURFJELL: Alle Nordøyane byd på talrike turmål både langs fjøra og oppetter fjella. Her eit skilt funne langs fjellvegen over Haramsøya. Vi har Mannen bak her.

DUGNADENLEVER: Skal småbåtlaget sitt sjøhus stå støtt, må murane stellast. Forskalinga tek Harald Tomren seg av. – Storkommunen? Mange her ute har då eit godt forhold til byen. Det vert nok ikkje særleg forskjell.

Trude Flem

Alder: 52. Heimstad: Longva

Eg trivst verkeleg her kor alle bryr seg om kvarandre. Og eg stortrivst i jobben min på Coop Marked Longva også. Når det kjem til storkommunen, trur vi vel helst vi ikkje kan stå åleine lenger. Vi må vere med på det som er. Om det er noko som ikkje er så bra her ute? Kjærleiken! svarer Trude med ein hjarteleg latter attåt.

Lars Otterlei

Alder: 16. Heimstad: Longva

Det beste med å bu på Flemsøya er at dette er eit lite samfunn. Ikkje så stort som byen. Her kjenner eg alle. Og folk bryr seg om kvarandre. Om det er nokre ulemper? Det må vere ferja, sjølv om det er kjekt og sosialt med ei pratepause i salongen.

Johan Ole Fjærtoft

Alder: 48 . Heimstad: Haramsøy, opphavleg frå Fjørtofta

Vi har eit tett og godt miljø der folk bryr seg. Dugnaden lever. Dette samhaldet må vi verkeleg hegne om. Eg håper at øyane klarer å halde på den store variasjonen vi har innan fritidstilbod, for den er unik. Ei breidde må vi ha, elles kan tilboda falle vekk. Fjørtofta leid denne skjebnen til ein viss grad. Det står att å sjå kva Nordøyvegen vil ha å seie.

Jostein Dahl

Alder: 61. Heimstad: Stjørdal, opphavleg frå Austnes på Haramsøya

Eg brukar huset eg vaks opp i som feriebustad, men arbeider som storbil-lærar i Stjørdal. Det beste med Haramsøya er at det er stille og roleg her. Ein heilt annan puls. Her får eg fiske og retteleg kople av. Med Nordøyvegen på plass kan det hende folk byrjar tenkje på å flytte tilbake. Det vert monaleg lettare å pendle også. Så får det heller vere at halve plenen min ryk når vegen skal utvidast. Dette er eg vel budd på. Noko negativt? Det er sjølvsagt ferjene. Med Haram inne i nye Ålesund vert det vel eigedomsskatt også, då? Elles kan vêret av og til vere i suraste laget. Dette gjeld vel andre plassar òg, veit eg. Men det aller verste er at dieselpumpa i båten min må heilt til Molde for å bli reparert. No har fleire mekanikarar kava med den i dagevis. Molde! Har du høyrt så gale?

FAKTA OM HARAM

Grensar til Skodje, Ålesund og Giske i sør, Vestnes i nordaust og Sandøy mot nord.

Brattvåg er kommunesenter i dag.

Fjørtoft, Flemsøy/Skuløy, Haramsøy, Lepsøy og Store Kalvøy inngår. Desse øyane har ferje/snøggbåtrute no.

Øyane minus Kalvøya vert knytt landfast med Nordøyvegen i 2023.

NÆRINGSLIV

51 % arbeider innan industrien (verfta), det doble av fylkessnittet

17 % er i service og helse, 8.2 % i undervisning, 3.4 % i landbruk.

I perioden 2010–17 har Haram opplevd 8.1 % svikt i sysselsettinga.

INNBYGGJARAR

9.345 pr. 1. januar. I 2017 blei det fødd 108 og 83 døydde. Innvandringa var 16 personar, 26 færre enn sist.

Folketalet har auka med 728 personar (8.4 %) siste tiåret.

2.299 under 20 år, og 1.584 over 67 år. Dette er om lag som elles i Møre og Romsdal.

Talet kvinner i fertil alder (20–39) per 100 menn ligg på 95,7. Betre enn snittet.

UTDANNING

50 % har vidaregåande. 20 % har kortare høgskule. Denne delen er stendig stigande, til liks med dei lengste utdanningane (5 %).

Brattvåg i forgrunnen med Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya bak.

Brattvåg i forgrunnen med Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya bak.

Søvika og Gamlem.

Søvika og Gamlem.

Tennfjord med Vatne og Vatnefjorden.

Tennfjord med Vatne og Vatnefjorden.


Tekst: Bjørn Halvorsen
Foto: Staale Wattø
Presentasjon: Sissel Bigset
Kultur- og reportasjeredaktør: Kristin Knudsen
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2018.