BUKOMMUNEN EIN SVIPPTUR FRÅ BYEN

Skodje bru. Foto: Staale Wattø

Skodje bru. Foto: Staale Wattø

Dei fem kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy skal slå seg saman.

Nye Ålesund kommune ser dagens lys 1. januar 2020, og får meir enn 60.000 innbyggjarar.

Bli med på oppdagelsesferd i kommunane som snart skal bli til ei.

STRAUMSBRUA: Opna i 2004, og overtok kryssinga av Skodjestraumen for dei gamle Skodjebruene. Den nye stålbuebrua er 290 meter lang. Foto: Marius Simensen.

STRAUMSBRUA: Opna i 2004, og overtok kryssinga av Skodjestraumen for dei gamle Skodjebruene. Den nye stålbuebrua er 290 meter lang. Foto: Marius Simensen.

Kor går grensa mellom Skodje og Ålesund, når ein køyrer frå Valle og utover mot byen?

Tre av tretten sjuandeklassingar strekk hendene i været. Dei veit at kommunegrensa kryssar europavegen, sånn omtrent halvvegs langs Brusdalsvatnet.

Men dei fleste har kanskje ikkje tenkt så mykje over at bykommunen er så nær. For dei er Moa ikkje Ålesund. Byen er der Brosundet er, den.

– Vi bor uansett på bygda vi, seier 13-åringane ved Valle skule.

Året dei fyller 15 er kommunen dei kjem ifrå ein del av nye Ålesund. Men desse ungdomane vil framleis vere frå Valle, Glomset og Brusdal.

– Men vert dykk ålesundarar då?

– Ja, det blir vi. Det føler eg i alle fall, seier ein av elevane.

– Eg skal alltid vere vallebygdar. Slik har det vore i 400 år i familien min, og slik skal det vere i 400 år til, seier ein annan.

– Vi kjem ikkje til å merke nokon forskjell. Det vil framleis vere den same jorda vi bur på, meiner ein tredje.

Først Afrika, så storkommunen

På skulen har dei enno ikkje snakka så mykje om storkommunen. Det er enno halvanna år til samanslåinga skjer. Fram til då skal alle elevane ha fått med seg kva for kommunar som vert med inn i store Ålesund.

– Vi kjem til å ta dette opp i samfunnsfaget. Nå held vi på med Afrika og verdsdelane. Og så tek vi storkommunen, fortel lærar på sjuandetrinnet, Ruth Skartveit Rogne (66).

Ho har jobba som lærer på skulen i snart 40 år. Der stortrivst ho saman med elevar og kollegaer. Barna er om lag 100 i talet, og de vaksne er 15. Skulen ligg landleg til, men samtidig sentralt, like ovanfor Vallekrysset.

Skulebygget blei renovert i 2014 og står fram som nytt. Uteområdet er stort, med god plass til både læring og leik. Dei har til og med eigen grønsakshage. Tilgangen til skog og fjell er praktisk talt umiddelbar.

Og går du nedover frå skulen og under europavegen, er du i fjæra på sju minutt. På andre sida, mot sør, ligg Storfjorden og glitrar.

Like bortanfor skulen bur ein av lærarane. Ho har ein låve med kje, kyllingar og kaninar.

– Frå Skodje er det ikkje langt til byen. Og dess oftare du køyrer dit, dess kortare er det.
Ruth Skartveit Rogne

– Her er lærarane på fornamn med alle elevane. Det gir ein ekstra tryggleik, seier lærer Ruth. Ho bur sjølv i Skodjebygda, den største tettstaden i kommunen.

– Frå Skodje er det ikkje langt til byen. Og dess oftare du køyrer dit, dess kortare er det, seier Rogne.

Andre vegen verkar dei tre mila nok mykje lengre, for ålesundarane, trur ho.

Sjølv meiner læreraren at det er bra med kommunesamanslåing. Det gjeld å ta det positivt, sjølv om ein nok vil kjenne på «ytterkantfølelsen».

– Vi blir ein del av nye Ålesund, men bygdene vil halde på særpreget og grendefølelsen. Eg trur ikkje Skodje hadde klart seg så godt aleine framover.

– Det går an å strekke seg ut og bli større, men samtidig halde på det lokale, seier ho.

LÆRAR: Ruth Skartveit Rogne ved Valle skule er sjølv innflyttar til Skodje, der ho har budd og jobba som lærar i snart 40 år. Ho vert pensjonist når Skodje blir ein del av Ålesund. Ho meiner samanslåinga er ein god ting. Foto: Marius Simensen.

ELEVAR: Frå venstre: Eirik Good Aspehaug (12), Emma Berge (13) og Selma Sirin (13) er sjuandeklassingar ved Valle skule. Skulebygget blei renovert i 2014. Her står elevane i området på skulen som vert kalla for «Lille Moa», grunna tak-likskapen med det store kjøpesenteret i Ålesund. Foto: Marius Simensen.

VALLE SKULE: Skodje kommune har to barneskular og ein ungdomsskule, i tillegg er det to privatskular i kommunen. Foto: Marius Simensen.

SJUANDEKLASSINGAR: Ved Valle skule kjem desse sjuandeklassingane frå bygdene Valle, Glomset og Brusdal. Her har dei det landleg og godt, og med kort veg til det meste – mellom anna til skog, fjord og fjell. Og ikkje minst til Moa. Er det ein del av Ålesund, då? Foto: Marius Simensen.

PENDLARKOMMUNEN

PENDLARVEG: Brusdalsvatnet ligg både i kommunane Ålesund og Skodje i Møre og Romsdal. Den har et areal på 7,52 km² og ligger 26 meter over havet. Innsjøen har eit volum på 300 millioner m3 og har vore drikkevannskilde for Ålesund siden 1980. Foto: Staale Wattø.

PENDLARVEG: Brusdalsvatnet ligg både i kommunane Ålesund og Skodje i Møre og Romsdal. Den har et areal på 7,52 km² og ligger 26 meter over havet. Innsjøen har eit volum på 300 millioner m3 og har vore drikkevannskilde for Ålesund siden 1980. Foto: Staale Wattø.

Sentral pendlarkommune

Skodje er allereie godt forsynt med utflytta ålesundarar og andre som opphavleg ikkje er ifrå kommunen. Kommunen er staden med kortast veg til flest andre kommunesentera i fylket. Skodje ligg kort veg frå Ålesund og flyplassen på Vigra. I tillegg går E39 tvers gjennom kommunen. Den sentrale plasseringa gjer at Skodje er ein attraktiv bukommune.

I januar 2018 hadde Skodje 4.680 innbyggarar. Det siste tiåret har folketalet auka med 930, ei endring på heile 25 prosent.

Av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal er Skodje på førsteplass i folketalsutvikling i perioden.

Nettoinnvandring, og særleg då arbeidsinnvandring, har stått for mykje av veksten. Dei fleste av arbeidsinnvandrarane kjem frå land som Polen, Litauen, Tyskland og Latvia.

Skodje har ei ung befolkning, samanlikna med andre kommunar i fylket. Om lag 60 prosent av innbyggjarane er under 40 år.

Fleire av elevane ved Valle skule har foreldre som jobbar i Ålesund. Faktisk pendlar nesten heile 40 prosent av dei sysselsette i kommunen til og frå Ålesund.

Sjølve er sjuandeklassingane på Valle skule ute i byen frå tid til anna. Då gjerne på Moa for å handle eller berre henge – eller på torskefiske på Borgundfjorden, for den saks skuld, fortel dei.

Burgar og is på Digerneset

Den siste tida har det poppa opp eit heilt nytt sentrumsområde ikkje langt frå barneskulen.

For ti år sidan begynte Wenaas Kapital å planlegge det som skulle bli eit nytt handelssentrum på nordre Sunnmøre.

Saman med Møller Eiendom står selskapet bak utbyggaren Digerneset Næringspark AS.

Mykje steinmassar er sprengt vekk. Der det før var skogkledde åsar, myr og lyng er det no flatt. På det 400 mål store området kjem det stadig nye butikkar. Kundane kjem frå alle kantar, ikkje minst frå europavegen som går rett forbi. Det veksande knutepunktet har så langt gitt nærare 500 arbeidsplassar – og fleire skal det bli.

Utbygginga på Digerneset er veldig bra, synest Valle-elevane.

Burger King er eit av trekkplastera der.

– Burgar og softis på Digerneset er bra. Men vi kunne ha tenkt oss ein plass å sitte. Nokre benkar, ein kafe eller ein liten park, seier nokre av elevane.

Dei synest det er bra at det også kjem apotek og andre nye butikkar der.

Bustadhus meiner dei unge ikkje vil vere naturleg på Digerneset.

Men gjerne klesbutikk. Og fleire skulle helst sett at Ikea kom dit, i staden for til Moa.

– Her inne køyrer vi skikkelege bilar, som Ford. Ikkje elbilar som dei har ute i byen.

– Men det er ikkje berre bra med all utbygginga, heller. Det blir fleire bilar og folk, og mykje trafikk, seier ungdomane. Før eit par av gutane legg til:

– Her inne køyrer vi skikkelege bilar, som Ford. Ikkje elbilar som dei har ute i byen.

Håhjem industriområde i Skodje og Skodje sentrum i bakgrunnen. Foto: Staale Wattø.

ENGESETDAL: Fylkesvegen gjennom Engesetdal ligg utanfor dei store vegprosjekta. Den gamle vegen er ikkje dimensjonert for moderne tungtrafikk. Foto: Marius Simensen.

DIGERT: Digerneset Næringspark 400 dekar stort område regulert til forretning og logistikk i Skodje. Foto: Staale Wattø.

Digerneset Næringspark - regulert til forretning og logistikk. Foto: Staale Wattø.

SKODJESJELA

Skodjebygda: Den største tettstaden og kommunesenteret i Skodje ligg berre tre mil frå Ålesund. Her har det vore ei rivande utvikling med bustadbygging dei siste åra. – Her er det godt å bu, med betre klima enn ute i byen, seier Arve Berg (83). Politikarveteranen frå bygda sat fleire periodar på Stortinget for Arbeidarpartiet, og lenge i formannskap og bystyre i Ålesund, i åra han budde i byen. Foto: Marius Simensen.

Skodjebygda: Den største tettstaden og kommunesenteret i Skodje ligg berre tre mil frå Ålesund. Her har det vore ei rivande utvikling med bustadbygging dei siste åra. – Her er det godt å bu, med betre klima enn ute i byen, seier Arve Berg (83). Politikarveteranen frå bygda sat fleire periodar på Stortinget for Arbeidarpartiet, og lenge i formannskap og bystyre i Ålesund, i åra han budde i byen. Foto: Marius Simensen.

UTVIKLING: Skodje sentrum sett austfrå, om lag 1950. Foto: Ekroll/Lånt ut av Kjell Sindre Tysse.

UTVIKLING: Skodje sentrum sett austfrå, om lag 1950. Foto: Ekroll/Lånt ut av Kjell Sindre Tysse.

Vil ta vare på Skodjesjela

– Det blir ei utfordring å ta vare på «Skodjesjela» og identiteten vidare, når vi blir ein del av Ålesund. Men det skal vi gjere noko med, seier Kjell Sindre Tysse, leiar i Skodje sogelag. Dei har inngått avtale med Høgskulen i Volda om å skrive kultur- og bygdehistoria for Skodje, frå istid til nåtid.

Budsjettet for allmennsoga er på litt over fem millionar kroner. Det trengst fire årsverk til å fortelje historia, med hovudvekt på de siste 200 åra.

Delar av prosjektmidla er ei testamentert arv som sogelaget fekk for nokre år sidan. Resten hentast inn i et spleiselag, der mellom andre Skodje kommune stiller opp med pengar.

– Det er viktig at Skodje si historie blir skrevet ned før samanslåinga med Ålesund og dei andre nabokommunane, meiner Tysse – til liks med medlemene i Skodje sogelag og mange andre i kommunen.

Han oppfordrar folk til å leite i skuffer og skap etter gamle bilde og anna som kan vere verd å ha med i bokverket som skal lagast.

– Mange ålesundarar har gjennom tida brukt Skodje som feriestad. Medan fotoapparat i tidlegare tider var sjeldan vare hos bygdefolket, var det mange byfolk som hadde det. Det er sikkert mange ålesundarar som har liggjande gamle bilete frå hytteliv og anna i Skodje i gamle dagar, seier han.

Frå jordbruk til bustad-boom

51-åringen vaks opp på eit småbruk i Skodjebygda. Han har slekt i Ålesund, men kan ikkje sjølv tenke seg å flytte til byen.

– Eg likar det landlege, og er ikkje så glad i bylivet. Her i Skodje er det gode moglegheiter for naturopplevingar, fiske i sjø og ferskvatn og jakt, seier Tysse.

Dei siste åra har det vore raskt aukande bustadbygging i sentrum av Skodje. Med blanda kjensler ser Tysse jordbruksområde som byggast ned.

Her i Skodje er det gode moglegheiter for naturopplevingar, fiske i sjø og ferskvatn og jakt.
Kjell Sindre Tysse

– Framover blir det mellom anna viktig å sikre område for friluftsliv der allemannsretten må stå i fokus. Denne verdien må ikkje bli skusla vekk. Og eg er skeptisk til at stadig meir dyrka mark i landet vårt skal forsvinne, seier han.

– Kjem til å gå heilt fint

– Skodjebygda har vore eit naturleg geografisk sentrum i lange tider. Her er det triveleg å bu og betre klima enn ute i Ålesund. Samtidig er det berre ein svipptur ut til byen, seier Arve Berg (83).

Den tidlegare stortingspolitikaren for Arbeidarpartiet har sjølv budd lange periodar i Ålesund, der han lenge også sat i formannskap og bystyre.

Berg er positiv til samanslåinga med Ålesund, Haram, Ørskog og Sandøy. Den same haldninga møter han blant mange andre innbyggarar i kommunen.

– Det kjem til å gå heilt fint. Det blir ein overgang og nye ting å ta omsyn til, men eg trur ikkje det blir noko stort problem, seier han. Pensjonisten meiner tida og samfunnsutviklinga gjer samanslåing naturleg.

– Samfunnet må utviklast. Samanslåingar ser vi også på andre område. Fordelen med storkommune blir mellom anna eit betre system for skule og eldreomsorg.

– Om vi ikkje blir med i storkommunen, så hadde Skodje blitt akterutseglt, meiner han. Politikarveteranen trur at også Giske og Sula med tida blir med i nye Ålesund.

Viktig med tilhøyring

Ulempa med storkommunen kan bli for stor demokratisk avstand, meiner Berg.

– Det er viktig at lokaldemokratiet får utvikle seg, og at innbyggarane i heile storkommunen opplev tilhøyrsle, seier han.

Veteranen minner om at Skodje har vore gjennom fleire samanslåingar og justeringar av kommunegrensene før.

Frå 1837 var Skodje del av Borgund formannskapsdistrikt, men vart eigen kommune i 1849.

I 1902 vart Skodje delt og Vatne etablert som eigen kommune. I 1916 vart ein del av Skodje overført til Borgund kommune.

Frå 1965 blei Skodje slått saman med Stordal og Ørskog til den nye Ørskog kommune. Det varte berre fram til 1977, då Ørskog kommune vart delt i tre: Skodje, Stordal og Ørskog kommunar.

Då Skodje gjenoppstod som sjølvstendig kommune, var folketalet 2.634. Sidan har det vakse til knappe fem tusen i dag.

– Det er ikkje økonomisk grunnlag for å drive ein kommune med 5.000 innbyggjarar. Så vi hadde eigentleg ikkje noko anna val enn å slå oss saman med andre, meiner Berg.

– Det er ikkje økonomisk grunnlag for å drive ein kommune med 5.000 innbyggjarar. Så vi hadde eigentleg ikkje noko anna val enn å slå oss saman med andre
Arve Berg

Sogelag: Kjell Sindre Tysse er leiar for Skodje sogelag, som jobbar fram bygdehistoria til Skodje, før dei går inn i storkommunen. Foto: Marius Simensen.

JORDBRUK: Av dei sysselsette i Skodje kommune arbeider no berre 32 personar i jordbruk, skogbruk og fiske. Her frå Engesetdalen. Foto: Marius Simensen.

Valle med Digerneset næringspark i bakgrunnen. Foto: Staale Wattø.

Valle med Digerneset næringspark i bakgrunnen. Foto: Staale Wattø.

Skodje sentrum, Skodjebygda. Foto: Staale Wattø.

Skodje sentrum, Skodjebygda. Foto: Staale Wattø.

Skodjestraumen. Foto: Staale Wattø.

Skodjestraumen. Foto: Staale Wattø.

Stette med Stette Industripark og Engesetdalsvatnet i bakgrunnen. Foto: Staale Wattø

Stette med Stette Industripark og Engesetdalsvatnet i bakgrunnen. Foto: Staale Wattø

SATSAR PÅ HEST

TRIVSEL MED HEST I INNVIKA: Annett Haagensen såg først ikkje særleg lyst på å flytte frå Spjelkavika i Ålesund til Innvika i Skodje. Etter at bustaden til ålesundfamilien brann ned 17. mai i 2010, flytta dei til Skodje for det som skulle bli ein kort periode. Sidan har dei blitt. Familien driv med hest, og på den store eigedomen er det supre tilhøve for trivsel, både for tobeinte og firbeinte. Foto: Marius Simensen.

TRIVSEL MED HEST I INNVIKA: Annett Haagensen såg først ikkje særleg lyst på å flytte frå Spjelkavika i Ålesund til Innvika i Skodje. Etter at bustaden til ålesundfamilien brann ned 17. mai i 2010, flytta dei til Skodje for det som skulle bli ein kort periode. Sidan har dei blitt. Familien driv med hest, og på den store eigedomen er det supre tilhøve for trivsel, både for tobeinte og firbeinte. Foto: Marius Simensen.

To minutt frå travle Digerneset, i fredelege omgivnader i Innvika, er Annett Haagensen (47) strålande nøgd med tilværet. Der bur ho i lag med sambuar, barn og barnebarn. Fram til 2010 budde familien i Spjelkavika. På sjølvaste 17. mai det året, tok livet ei vending. Dei feira nasjonaldagen og gjekk i tog, då bustaden deira vart totalskadd i brann. Ingen menneske kom til skade i brannen, men familien måtte flytte til Skodje mens dei venta på at nytt hus skulle byggast opp igjen.

– Sambuaren min hadde denne eigedomen, så derfor flytta vi hit. Det skulle berre vere for to år, men vi vart verande. Her er det fantastisk herleg å bu, seier Haagensen.

Familien er langt over gjennomsnittet interessert i hest. På den 300–400 mål store eigedomen har dei bygd opp eit hesteeldorado.

Med eigen ridehall, stall og fleire innhegningar i det naturskjønne området, og med ridestiar i skogen. Mellom husa er det både hundar, høns og katt. Dottera Chantelle Haagensen (22) er mellom dei beste i Norge i sprangriding. Familien reiser mykje rundt om i landet for å ta del i konkurransar. Sjølv har mor heldt på med hest sidan ho var sju år gamal. I dag har dei 12 hestar, men har hatt så mange som 18.

– Vi trivst veldig godt her. Med god plass, flott natur og eit stykke frå folk – men likevel veldig sentralt.
Chantelle og Annett Haagensen

– Vi trivst veldig godt her. Med god plass, flott natur og eit stykke frå folk – men likevel veldig sentralt, seier mor og dotter.

Eit lite stykke unna ligg fjorden og badestranda, der også vannskuteren lett kan sjøsettast.

– Vi er ålesundarar, sjølv om vi bur i Skodje. Alt eg treng er på Moa. Men det er òg fint at Digerneset byggast ut med butikkar, seier Annett Haagensen.

Ho er sjølv veldig positiv til at Skodje vert ein del av Ålesund, men trur ein del av bygdefolket er meir skeptiske.

Det går nok mellom anna på at Ålesund har så mykje gjeld, og ei frykt for at bykommunen er strengare i reguleringssaker, trur ho.

MOR OG DOTTER: Chantelle Haagensen (22) er mellom dei beste i landet i sprangriding. Her med mora Annett Haagensen (t.h.) framfor huset i Innvika. Der er det stille og fredeleg, men kort veg til det meste. Foto: Marius Simensen.

RIDEHALL: Den store ridehallen og stallen til Annett Haagensen og familien i Innvika. Foto: Marius Simensen.

SKODJE

Skodje (uttalast Skøye) grensar mot Haram i nord, Ørskog i øst og Ålesund i vest. Over Storfjorden mot sør ligg Sykkylven kommune. Arealet er på vel 120 kvadratkilometer. Meir enn halvparten av innbyggjarane bur i Skodjebygda, medan resten bur i krinsane Glomset, Svorta (Valle), Brusdal, Utvikbygda, Stette og Engesetdal.

NÆRINGSLIV

Av 2.408 sysselsette pendlar nær 40 prosent til Ålesund. 35 prosent arbeider i Skodje. Av totalt 1. 604 som arbeider i Skodje, er det 32 i jordbruk, skogbruk og fiske, mot heile 549 i sørvisnæringar (2017).

INNBYGGARAR

I januar 2018 var folketalet i 4.680, 13 personar fleire enn året før. Det siste tiåret har folketalet i kommunen auka med 25 prosent, mest av alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal. Skodje har ei ung befolkning, og mange arbeidsinnvandrarar.

UTDANNING

I Skodje har 27,6 prosent av befolkninga gjennomført grunnskole, 45,8 prosent vidaregåande skule eller fagskule, 22,1 prosent kort høgare utdanning og 4,5 prosent lang høgare utdanning.


Tekst: Lars Inge Skrede
Foto: Marius Simensen
Foto: Staale Wattø
Presentasjon: Sissel Bigset
Kultur- og reportasjeredaktør: Kristin Knudsen
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2018.