Beinhard sjukehuskrangel har vi lært oss å leve med i fogderifylket. No tek det laust igjen, med kvesste knivar i alle operasjonsstover, og oppstilling langs ei ny frontlinje.

Har det vore Nordmøre mot Romsdal tidlegare, blir det Sunnmøre mot Romsdal dei komande åra. Kampen står om vedlikehald og innhald i både nye og gamle sjukehuskroppar. Så langt peikar lite mot eit reintspelande og skadefritt oppgjer.

Den siste veka har Sunnmørsposten skrive om høyringssvara til den viktige utviklingsplanen for dei lokale spesialisthelse- tenestene i perioden 2019–2022, med framtidsutsikter mot 2035. Planen omhandlar den sjukehusfaglege utviklinga i fylket gjennom perioden.

Konfliktnivået det vert lagt opp til – særleg frå helsefaglege instansar i Molde – er svært høgt. Overlegane i Molde valte noko så oppsiktsvekkjande som å trekke tilbake sitt høyringssvar for å tone ned språkbruk så flåsete og krass at det ikkje vart godtatt – sjølv internt.

Legane ved kirurgisk seksjon i Molde sitt høyringssvar er derimot ikkje trekt tilbake. Der vert heile utviklingsplanen omtalt som eit «Ålesundsprosjekt» og ei «avviklingsplan» for det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Som elles skal stå ferdig i 2022 til ein pris på 4,1 milliardar kroner før eventuelle overskridingar.

Molde-kirurgane går også til angrep på styrevedtaket i Helse Midt-Norge om at Ålesund skal vere det mest differensierte sjukehuset i fylket. Dei meiner at idefaserapporten som går inn for å samle fleire fagtilbod i Ålesund, er avleggs og utdatert på grunn av ny organisasjonsmodell.

Det framstår som eit krav om omkamp på føresetnader som har vore klare i fleire år. Planer for Ålesund sjukehus skal tilsynelatande berre blankast ut og innhaldsvurderingane helst gjerast på nytt.

Det er verdt å minne om kva helseminister Bent Høie skreiv i pressemeldinga 19. desember 2014 etter føretaksmøtet då han vedtok å legge det nye fellessjukehuset til Hjelset:

«Ålesund sjukehus skal fortsatt vere hovudsjukehuset i Helse Møre og Romsdal.»

Skreiv han.

PCI og PET-CT er to av punkta det står sterkast strid om.

PCI er kort og godt utblokking av tilstoppa blodårer i hjartet. Dette er spesialisert og beste behandlinga ved akutt hjarteinfarkt, men blir ikkje tilbydd ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Skal du få slik akutthjelp, må du til Trondheim innan to timar.

Ni av ti pasientar i Sør-Trøndelag med hjarteinfarkt får PCI-behandling. Berre tre av ti frå Møre og Romsdal, ifølgje nasjonale tal frå SAMDATA. Truleg er det altså fleire herfrå enn frå Trøndelag som døyr eller får alvorleg redusert livskvalitet som følgje av mangel på tilbodet. I Norge har berre Finnmark dårlegare tilbod på PCI enn Møre og Romsdal.

Slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det. I utviklingsplanen er det foreslått greia ut PCI som eit nytt tilbod ved Ålesund sjukehus, og då skulle vel alle vere glade!

Men fagmiljøet i Molde ser på PCI-etablering som altfor dyrt og avgrensande for anna behandling av andre sjukdommar. Og vidare ser dei på dette som utfordrande for det gode samarbeidet med St. Olavs. Formuleringar som «uansvarleg» og «totalt ut av kontakt med behova ute i klinikkane», vert brukt om forslag som skal gje innbyggjarane i heile fylket eit tilbod meir likeverdig med trønderane.

Forstå det den som vil.

Nordlandssykehuset i Bodø har nyleg fått vedtatt oppretta eit PCI-senter. Rett nok til ville protestar mot heile Tromsø-miljøet som meinte dette ville utarme fagmiljøet ved Universitetssykehuset i Tromsø, og såleis også gjere tilbodet til finnmarkingane endå dårlegare.

Er det nokon som trur at protestane mot oppretting av PCI-tilbod i Ålesund vil vere svakare frå fagmiljøet ved St. Olavs Hospital? Og trur nokon at Møre og Romsdal vil stå sterkare mot protestane når fagmiljøa i Molde og Ålesund er splitta?

PET-CT er ein svært godt reiskap i kreftbehandling. Dette er skanning i ei avansert maskin ved hjelp av radioaktive sporstoff som hjelper legane til å avgjere ikkje berre omfanget av kreftceller, men også aktivitetsnivået i kreftcellene. Med andre ord eit hjelpemiddel som langt meir effektivt enn vanleg CT og MR viser om cellegiftbehandling fungerer, eller ikkje fungerer.

Det er rundt ti PET-skannarar i Norge, flest ved universitetssjukehusa i dei større byane, men også som eit ambulerande tilbod i ein PET-buss som køyrer både til Lillehammer, Elverum og Tønsberg. Det nye og flotte sjukehuset på Kalnes i Sarpsborg kjøpte inn si maskin i fjor vinter.

Innkjøpsprisen er 20–30 millionar kroner. Det må også reknast inn fleire titals millionar kroner på bygningsmessige tilpassingar. Og driftskostnadene til maskinen ligg til dømes i Stavanger rundt 30 millionar kroner i året.

Svært kostbart altså, men enormt viktig for kreftpasientar som vert utsette for store lidingar, ofte unødvendig, på grunn av feilslått medisinering.

I utviklingsplanen ligg det forslag om innan få år å etablere PET-CT ved den vesle, men velrenommerte kreftavdelinga i Ålesund. Kjempeflott, skulle ein meine!

Men nei, det meiner ikkje fagmiljøet i Molde. I det trekte høyringssvaret frå overlegane vert mellom anna PET- skanning vurdert til å vere ei av fleire «fordyrende behandlingsformer uten dokumentert klinisk overlegenhet».

Radiologane i Molde og Kristiansund, altså dei som til dagleg styrer med røntgen, CT og MR, er ikkje heilt samde med overlegane. Dei fullrosar PET-CT til kreftdiagnostisering og vil ha dette til både Ålesund og Hjelset.

Intern usemje der altså, mellom ekspertane og overlegane. Ein kan undre seg på kvifor.

For Astrid Eidsvik må dragkampen som no gjer seg meir og meir synleg, vere ein interessant prosess å følgje. Den tidlegare direktøren i Helse Møre og Romsdal har som rådmann i Ålesund sjølv skrive høyringssvaret frå kommunen. Ho er oppteken av den svært anstrengde økonomiske situasjonen til helseføretaket vert for lite problematisert i planen og det framstår dramatisk når ho skriv følgjande:

«Det vil derfor vere naturleg å stille spørsmål ved realismen knytt til om innbyggjarane fortsatt vil få eit godt spesialisttenestetilbod i eige fylke i framtida. Alternativet til pasientane om føretaket ikkje lukkast, vil vere å nytte seg av tilbod i sjukehus utanfor fylket.»

Dette er sterke ord, og Eidsvik er ikkje minst uroa for tilhøva ved Ålesund sjukehus som skal vere det mest differensierte (kva no den rimeleg vage floskelen eigentleg måtte bety) sjukehuset i fylket.

Det er foreslått å bruke 1,1 milliard kroner på oppgradering og nybygg i Ålesund, det meste først etter at SNR er fullført.

Eidsvik skriv:

«Om Ålesund sjukehus også etter 2022 skal framstå som det mest differensierte sjukehuset i regionen etter universitetssjukehuset, må det vere eit krav at hovudbygningsmassen frå 1971 blir oppgradert til moderne standard både bygningsmessig og utstyrsmessig. Med bygningsmessig standard meinast i denne samanheng same standard som det nye sjukehuset SNR.»

I 2022 er Ålesund sjukehus 51 år gamalt. Berre vedlikehalds-etterslepet på denne tilårskomne skrotten er per dato stipulert til 376 millionar kroner.

Er det då realistisk å tru at ein får moderne standard lik det flunkande nye sjukehuset på Hjelset for ein dryg milliard? Sjølvsagt ikkje. Beløpet må truleg både doblast og meir, og kvar skal dei pengane hentast frå?

Det heile minner mest om å sminke liket – og det er sjeldan særleg framtidsretta.

Dette har nok mange av høyringsinstansane i nordfylket skjønt for lengst, og det kan kanskje forklare også noko av motstanden mot dei moderne pasientretta tilboda som er foreslått i Ålesund.

Sett derfrå kan det løne seg best å sitte roleg i båten og la minst mogleg skje medan både bygginga på Hjelset og forfallet på Åse går sin gang.

Vil både politikarar og fagfolk på denne sida av fjorden vakne i tide, sjå det same og evne å ta opp kampen for Ålesund?

Det er lov å håpe.