Han vil be kommunen ved rådmannen om at planarbeidet vert prioritert.

Statssekretær samordner

Vidare vil han be statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i Samferdselsdepartementet om å sørge for samordning av planarbeidet på ny riksveg 15 frå Skåre til Breidalen over Strynefjellet.

Oppglødd Sve

Det var Gode Vegar og Geiranger Veginvest som onsdag presenterte dei nye planane for ein heilårsveg til Geiranger. Frank Sve er oppglødd over dei nye planane som vart presentert.

Planen går ut på at det vert laga ei eiga arm frå ny riksveg 15 over Strynefjellet og fram til Opplendskedal oppom Geiranger, KVU-arbeidet for ny riksveg over Strynefjellet er for tida under arbeid. Det er i denne samanhengen at Svein Sunde i Gode Vegar AS har gått i samarbeid med Geiranger Veginvest og utarbeidd eit nytt forslag for korleis ein kan knyte til Geiranger med ei eiga arm.

Geiranger-arm

Frank Sve seier at han også vil ta kontakt med Statens vegvesen Region Vest for å argumentere for at arma til Geiranger skal verte teken med.Sve minner om at Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak som går ut på at fylkeskommunen ynskjer ei slik løysing, og at den vert planlagt saman med KVU-arbeidet for ny tunnel over Strynefjellet.

Fylkeskommunen dekke?

– Fylkeskommunen vil dekkje eventuelle kostnader med dette, seier Frank Sve.