– Eg kan ikkje stå i kveld og konkludere.

Det seier ein sliten og ikkje heilt nøgd ordførar Dag Olav Tennfjord (H) etter ein lang skjebnedag i Skodje kommune. Utsegnen er eit svar på spørsmålet: Kva skal vege tyngst: folkerøystinga - eller undersøkinga?

Resultata frå folkerøystinga og folkeundersøkinga er klare: Og dei gir ikkje same svar til politikarane som skal avgjere framtida for kommunen.

– Ugreitt

Medan folkerøystinga gav fleirtal for Storfjord kommune, også kjend som landkommuna (47,8 prosent for Storfjord, mot 40,2 for Ålesund), viste undersøkinga fleirtal for Ålesund.

– Det er ugreitt at dei to peikar i to retningar. Når deltakinga er så låg, er det også vanskeleg å si at resultatet på folkerøystinga er eit eintydig svar på kva folket meiner, seier Tennfjord.

Lang skjebnedag Ordførar Dag Olav Tennfjord etter folkerøystinga i Skodje. Foto: Sofie Svanes Flem

Oppmøteprosenten var på 36 prosent, sjølv om Tennfjord meiner kommunen har gjort sitt for å opplyse om røystinga. Mellom anna har dei sendt ut SMS.

– Så kan ein sei om undersøkinga at det ikkje var like mange som svarte på den heller, men den har eit representativt utval.

Sprikande resultat i Skodje

Berre to alternativ

Innbyggjarane i Skodje fekk kun to alternativ, i tillegg til blankt. Å stå aleine var ikkje eit alternativ. Ein veljar Sunnmørsposten snakka med, sa at det var som å velje mellom pest og kolera.

– Det hadde vore rettast at dei som ønsker å stå aleine kunne få gi uttrykk for det. Eg er heilt overbevist om at mange heldt seg heime på grunn av dette, seier Modolf Hareide (Sp).

Kva som skjer no er heilt ope, meiner Hareide.

– Dette er absolutt ikkje avgjort. No er det opp til politikarane. Vi har heile tida sagt at viss vi får eit tydeleg svar så vil vi ta omsyn til det.

Ferdig talt Valstyret etter ein lang dag.

– Undersøkinga gir fleire svar

Spørjeundersøkinga viste derimot eit klart fleirtal for samanslåing.

– Oppmøtet var heller ikkje så bra i nabokommunane som hadde som alternativ å stå aleine, så eg trur ikkje det var dette var avgjerande. Skodje har gjort vedtak på at dette er alternativa for oss, seier Kari Grindvik (V).

Ho synast det er gledeleg at Ålesund får såpass grei oppslutnad.

– Kva meiner du bør vege tyngst?

– Eg føler vel kanskje at undersøkinga gir meir svar på kva som er viktig innanfor dei fire punkta som vi er blitt bedt om å greie ut, seier Grindvik.

- Vil vi bli høyrt?

Gir gjerne fra seg klubba og ordførarkjedet