Ved matforskningsinstituttet Nofima har Svein Kristian Stormo forska på korleis torsk kan tinast slik at væsketapet vert minst muleg, og kvaliteten best muleg. Konklusjonen er den motsette av det mange forbrukarar praktiserer på kjøkenet.

Veit råd Forskar Svein Kristian Stormo ved Nofima.

– Det er mange som trur at fisken skal tinast sakte, gjerne i kjøleskapet over natta. Men dette er ein gamal og seigliva myte, seier Stormo.

For fisken skal tinast raskt.

– Eg tilrår at fisken vert tint under rennande vatn, gjerne innepakka i plastemballasje. Og den bør brukast med ein gong den er tint, for fiskekjøtet må ikkje få for høg temperatur, seier Nofima-forskaren.

Ha salt på fangsten

– Legg fisken i saltlake ei lita stund, eller strø på med litt tørrsalt. Då held den seg betre, seier Stormo

seminaret «Ombordfryst 2017»

i Ålesund tysdag kom det fram at forbrukarane ser ut til å akseptere at fisk som har vore frosen både ein og to gongar vert tint, og seld i porsjonspakkar i ferskvarediskane. Dette er ein positiv trend, meiner Nomifa-forskaren.

Nye produkt i butikken

– Utvalet av fisk i nærbutikkane har blitt mykje betre dei siste åra, og det har dukka opp mange nye produkt, seier Svein Stormo.

– Men er det ikkje lureri å presentere fisken som fersk?

– Så lenge kvaliteten er god, spelar det ingen rolle. Som forbrukar vil eg sjølv ha fisk som eg kan leggje rett i panna, og som eg veit har god kvalitet. Og mest sannsynleg hadde fisken eg kjøper i butikken hatt dårlegare kvalitet om den ikkje hadde vore fryst, seier Stormo.

«Ramoen» sel godt på Skipsen

Ein nærbutikk som har lang erfaring i å selje fisk er Spar-butikken på Vartdal, kjent som Skipsen.

– Vi selde 36,6 tonn frosen fisk i fjor, og folk kjem eins ærend frå Oslo for å handle, seier Sigrid Roth ved Skipsen.

– Hos oss kjøper folk helst frosen torsk, men vi sel mykje meir fersk laks enn før. Folk handlar meir og meir fisk, seier Sigrid Roth.

– Korleis tinar du fisken?

– Som regel sakte, men eg passar på å bruke krafta dersom eg skal lage fiskemat.

Ny rekord for sjømateksporten – klippfisk er unnataket