Fire unge menneske omkom i brannen i eit bustadhus i Flusund i Herøy tidleg om morgonen søndag 14. desember 2008. Sunnmøre politidistrikt har med bistand frå Kripos gjort omfattande ny etterforsking. Likevel meiner politiet det ikkje er grunnlag for å gjenopne saka.

Les: Pårørande vurderer å melde politiet

Statsadvokat Magne Nyborg har hatt saka til vurdering og kjem i sitt svar til politiet ikkje med innvendingar mot avgjerda.

Ny etterforsking

Politiet har gjort eit nytt og omfattande etterforskingsarbeid med ein lang rekke nye avhøyr, tekniske undersøkingar og analysar, mellom anna av DNA og elektroniske spor. Det nye materialet teller fleire hundre sider, og Kripos har mellom anna stått for arbeidet med ein rekke vitneforklaringar.

Det har vore gjort nye avhøyr seinast hausten 2014, mellom anna av ein mann som vart observert utanfor huset i tidsrommet før brannen vart meldt.

Eit av dei mest sentrale spørsmåla var å få svar på kvifor det tok til å brenne, og om brannen kunne ha vore påsett slik fleire pårørande mistenkjer. I 2009 konkluderte politiet med at brannen truleg oppstod ved trappeløpet til 2. etasje, utan at det vart påvist nokon klar årsak til dette.

Ga opp håpet i haust

Då etterforskingsarbeidet gjekk mot slutten hausten 2014, uttalte etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Sunnmøre politidistrikt at saka ikkje hadde teke «noko dramatisk vending».

Odd Hovden som har vore bistandsadvokat for pårørande og etterlatne, sa etter eit møte med Kripos og sunnmørspolitiet i haust at dei hadde gitt opp håpet om å få eit svar på kvifor brannen oppstod.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Politiet tok sjølvkritikk

Då saka vart lagt vekk i 2009 opplyste politiet at etterforskinga ikkje ga grunnlag for å rette mistanke mot nokon for å ha forårsaka brannen.

Etter at dei pårørande lenge kjempa for å få saka tatt opp att, opna Sunnmøre politidistrikt for ny etterforsking i mai 2013. Tidlegare politimeister Jon Steven Hasseldal var då tydeleg på at brannen ikkje var godt nok etterforska første gongen.