Ålesund sjukehus var sentralsjukehus før helseføretaksreforma. Flinke tilsette hadde over lang tid utvikla fagmiljø som vart lagt merke til nasjonalt, rekrutteringa av nøkkelpersonell og andre tilsette var god.

Ålesund sjukehus var større enn Molde og Kristiansund sjukehus til saman. Med Helse Sunnmøre som driftsføretak, heldt denne gode utviklinga fram på 2000 talet og det vart bygt Kreftavdeling og Barne og ungdomsavdeling. Leiinga i regionalt helseføretak viste at dei klarte å balansere omsyna til ulike lokale helseføretaka.

På grunn av uro og lite respekt for vedtak i gamle Helse Nordmøre og Romsdal, vart Helse Møre og Romsdal til. Vi huskar frå media korleis dette gjekk vidare: I staden for ro vart det ny mobilisering og kamp på Nordmøre, også mot vedtaket der Hjelset vart valt som lokalitet nytt sjukehus (SNR) for Nordmøre og Romsdal.

Utfordringar

Utfordringane for Helse Møre og Romsdal vart store. Først vart driftsgrunnlaget kraftig redusert med endring av finansieringsmodellen til lokale føretak, dvs. overføring av meir middel til St. Olav. Etter dette har underskota vakse raskt og det er ikkje balanse i drifta.

Ein grunn er at Møre og Romsdal med 266 000 innbyggarar har 4 avdelingar innanfor same fagområde: medisin, kirurgi, ortopedi, gyn/føde, anestesi med 4 vaktsystem døgnet rundt, eller 2 avdelingar med døgnvakt innanfor ØNH, auge, barnesjukdommar. Så mykje beredskap i forhold til folketalet er dyrt. Driftsutfordringane har heile tida vore mest knytt til ortopedi og kirurgi. I staden for å løyse desse ved strukturendring, så vart heile Helse Møre og Romsdal omorganisert med nye driftseiningar og nye leiarar. Ein organisasjon som omorganiserer blir introvert og misser effektivitet.

Resultatet har vi fått presentert i dei siste styremøta: aukande underskot. Helse Møre og Romsdal har valt kontinuerleg forbetring som veg ut av dette uføret, men den medisinen ser ikkje ut til å virke. Den historiske driftsstrukturen er for dyr og ingen tør ta grep for å endre denne.

Helse Midt Norge har slått fast, sist ved vedtaket om nytt sjukehus på Hjelset, at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal, med flest funksjonar. Denne stillinga blir likevel utfordra på mange nivå, slik vi ser prosessen mot SNR. Der blir det også dagkirurgi både på Hjelset og i Kristiansund, dette fordyrar. I Ålesund er det nesten ny dagkirurgi, med ledig kapasitet.

Vi hugsar også prosessen med sentralisering av dei minste premature til St. Olav, ikkje fordi det var faglege grunnar, men fordi St. Olav nådde fram med sine ønske om å få fleire premature. Ei arbeidsgruppe ser no på tilbodet til barn og unge i nordfylket inn mot SNR. Det same vart gjort internt i 2013. Men denne nye gruppa fekk også mandat til å sjå på tilbodet til barn på Sunnmøre. Vi er bekymra for om dette kan bety omfordeling til SNR,sjølv om tilbodet til barn på Sunnmøre er dimensjonert forhold til talet på barn her og til fylkesdekkande funksjonar i Ålesund.

Pålegg om innsparingar

Tilsette i Ålesund er også bekymra over innsparingar i Ålesund (prosentuelle innsparingar tar mest frå det største budsjettet), dels ser dei mangel på moglegheit til utvikling og fornying av medisinsk teknisk utstyr. Nordmøre og Romsdal får eit nytt sjukehus på Hjelset, med moderne pasientlogistikk og nytt medisinsk teknisk utstyr. Dette vil sikre god rekruttering. Vil også nye tilbod kome dit? Eksempel er ny biletdiagnostikk (PET scan) og PCI (hjarteinngrep).

I Ålesund (investeringsbehov 1 milliard) er det planlagt investeringar først etter at SNR er ferdig, kan hende med eit mindre symbol-beløp tidlegare. Dette er ikkje bra for rekruttering. Det er i alle fall ikkje eit signal om vidare utvikling.

Har lengst avstand

Ålesund Sjukehus er det akuttsjukehuset som har lengst avstand til regionsjukehuset. Dette ser vi også på statistikken over kor få pasientar frå Møre og Romsdal som får moglegheit for PCI i Trondheim. Statistikken frå i fjor viste at pasientar frå Sunnmøre hadde eit av dei dårlegaste tilboda i landet. Kor lenge skal vi ha det slik? Det gir tryggleik og er god økonomi i å legge eit nytt senter til Ålesund

Mot bakgrunn av bekymring over om Ålesund Sjukehus framleis får vere det mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal, lovar vi å kjempe vidare for dette!

Kan få til endringar etter valet

Det er fleirtal for å behalde dagens ordning med regionale helseføretak, uansett valutfall. Vi må da arbeide for å få same finansieringa for lokale helseføretak i heile landet. Dette vil gi meir driftsmiddel til Helse Møre og Romsdal.

Det må også settast av eigne middel til investering og fornying av medisinsk teknisk utstyr.

Dagens ordning med høg del aktivitetsrelatert inntekt (ISF) gir uheldig prioritering av inngrep som gir høg inntekt, men som ikkje alltid er nødvendige (f.eks. i kne, skuldrer). Aukar rammefinansieringa vil sjukehusa få meir stabil drift og ein kan bruke operativ kapasitet betre. Før siste stortingsval, lova både Arbeidarpartiet og Høgre 12 milliardar ekstra til å styrke helseføretaka i perioden 2014–2017. Arbeidarpartiet har tatt dette med i sine alternative budsjett, det har ikkje Høgre. Regjeringa har løyvd 9 milliardar i denne perioden, 3 milliardar mindre enn lova. I tillegg førte fjorårets budsjettforlik med Venstre og KrF til pålegg om å redusere med 600 millionar i 2017, i ein periode med skattekutt til dei som har mest.

Erna Solberg kom nyleg med tilsegn om lånegaranti til SNR. Men Helse Møre og Romsdal har vel ikkje moglegheit til å klare eit låneopptak som utgjer 70 % av finansieringa?

Det som trengst er friske middel til HMR og til opprusting på Sunnmøre!

Arbeidarpartiet vil føre ein sunn økonomisk politikk, med god fordelingsprofil, og prioriteringar av både eldreomsorg og gode sjukehus. Dette vil vi prioritere i staden for skattekutt til dei rikaste!

Husk dette på valdagen!