Fylket må låne pengar til å ruste opp vegar. Onsdag får politikarane ei vegliste på bordet. Fire mykje brukte vegar på Sunnmøre bør få ei kraftig opprusting, anbefaler samferdselssjefen i fylket. Eit lån på 100 millionar kroner blir nødvendig for å få det til. Onsdag får samferdselsutvalet saka på bordet.

Den kronglete vegen mellom Vard-verfta i Haram og søsterverftet i Tomrefjord er kanskje den verste. På dei 11 kilometerane, kjend som Nakkedalen, sviktar sjølve vegkroppen. Resultatet er sprekkar og hol i asfalten.

Også ti andre vegstrekningar i fylket er foreslått utbetra.

Desse vegane kan du lese meir om her.

Her kan det bli ny asfalt:

Desse parsellane er per i dag utlyst for 2018 når det gjeld asfalt, ifølgje fylkeskommunen:

  • Emblem-Magerholm.

  • Veiberg-Eidsdal.

  • Myklebust-Holsbrua.

  • Taftesundet-Stokke.

  • Flyplasskrysset-Roald.

  • Slyngstad-Grytestranda.

  • Vatne-Fiksdal.

  • Austnes-Ulla (lapping).

  • Skarbøvika-Kleivane.

  • Borgundfjordvegen.

  • Dyrkorn-Viset.

  • Vaksvika-Vestre.

  • Amdam-Haukåsen.

  • Fiskarstrand-Holskrysset.

  • Vadset-Eidsvik-Vatne.

  • Skodje-Straumen.