Lundefuglen har framleis problem med å få fram ungar, og Skarveura og lomviplassen er framleis tom. Men likevel ber årets teljing og granskingar bod om litt optimisme for fuglefjellet på Runde, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad som har fylgt fuglefjellet gjennom fleire tiår.

Førstkomande søndag blir han på Runde Miljøsenter for å rapportere frå årets sesong på fugleøya. Etter fleire katastrofeår for Lundefuglen, er det ei lita lysning i år. 40-50 prosent av dei hekkande fuglane har fått fram ungar. Det er akkurat nok til å balansere for naturlege tap.

Det er også ei bittelita lysning for krykkja med seks ungar som har greidd å kome seg på vingane. Seks ungar er naturleg nok for lite til at ein kan seie bestanden er på veg oppover, men det er seks fleire enn ikkje ein einaste ein -som har vore talet i mange år.